Gå til sidens hovedinnhold

Om Heidal, Skåbu og fritt skuleval

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

GD skriv om fritt skuleval i samband med Heidal skule 18. desember d.å. Det høyrast ut som ein bjølleklang melodi i mange øyro, men kva kan bli konsekvensen? Som utflytta Kviknever står det klart i minnet da bygdemiljøet i Skåbu vart forandra. Nord – Fron kommune måtte ta grepet å innsjå at ungdomsskuletrinnet ved skulen skulle opphøyre. Grunnen nr. ein var at elevtalet gjekk ned å det andre var at det var elevar som sjølve hadde ønskje om å gå ungdomstrinnet på Vinstra.

Dette førte til ein indre strid i byda. Dei som er gode trygge foreldre hadde ulikt syn, noko som førte til uvenskap mellom familiar å ungdommane på skulen. Skåbu vart splitta. Oss fæ tru at det ordna seg att te slutt. Ungdomstrinnet vart nedlagt, og eg har ikkje høyrt noko negativ å heller ikkje sett noko om dette i media. Så attende åt Heidal skule. Eg ønskjer sjølvsagt at ungdomstrinnet skal bestå., men som refleksjon min seier så er eg redd at dette berre er å yte problemet frå seg.

Nå kjem problemstillinga; Kven ønskjer å gå ungdomstrinnet i Heidal av dei som bur der i dag? Kven ønskjer å reise oppover til ungdomsskulen dersom fritidsaktiviteten er lagt til Otta? Å kva vil skje med samhaldet i Heidal som bygd dersom nokon ønskjer å bytte skule frå Heidal til Otta? Å splitte familie å venner er ikkje triveleg for nokon. Det avgjerande at alle blir akseptert for sitt ønskje. Eva Barkenæs, Vinstra