Omorganisering og sparing

Av
DEL

LESARINNLEGG

Takk til Bjørn Seielstad som set fokus på det vi alle tenkjer. Nå har vi sett nok av alt som skal bort for å spare og forandre. Det gjeld skule, helse og bedrifter i by og land.

Her kan eg nemne i vårt distrikt: Granheim lungesenter, Bredebygden psykiatriske, Kringsjåtunet og ungdomsskulen i Skåbu. Ingen planar er klargjorde, dette skal berre bort for å spare seies det. Alt skal bli så mykje betre ved nedlegging og omorganisering, men folk som arbeider må vi ha, og kva skal bygningane brukast til? Sparinga til hovudsjukehus kan vi sjå lengt etter, da ingen ting er avgjort der heller.

Alt dette skaper uro og ingen tryggleik for framtida. Verst er det for dei som er sjuke og ikkje veit kvar dei kan få hjelp. Sjukemeldingane og vikarbudsjetta går berre opp og nye folk blir tilsette.

Det mange av oss undrast på er om kommunane organiserer seg bort i eit fagmessig og økonomisk uføre. Den eine arbeidaren blir flytta til at anna område i same kommunen, men kvar blir det av sparinga? Jobbane må gjerast same kven som er der og løna blir den same. Det bør bli ein opposisjon mot alt byråkratiet ved omleggingane, da vi ser at pengane ikkje strekk til. Vi vil ikkje betale meir skatt og avgifter nå!

Vi treng politikarar som seier ifrå og det kan vi få ved komande val!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags