Gå til sidens hovedinnhold

Openheit og kontroll styrkar demokratiet

Artikkelen er over 1 år gammel

lesarinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Grunna at det førre kontrollutvalet i Vågå ikkje er høyringsinstans, og heller ikkje har fått høyringsuttala frå Revisjon Innlandet, har vi hatt lita anledning til å uttale oss om revisjonen si melding.
Det er gledeleg for kontrollutvalet og for heile det politiske miljøet så vel som innbyggjarane i regionen at habiliteten i desse tilsetjingssakene vart funne akseptabel. Med ei slik gransking er all tvil borte.Denne rapporten skulle hovudsakleg drøfte prosessen ved tilsetjinga av dagleg leiar og av stillinga som prosjektleiar. Her kjem revisjonen med tydelege merknadar og anbefalingar. (Revisjon kan ikkje påleggje, men er rådgjevande for kontrollutvala som skal gjera vedtaka.) Grunna regionrådet sin endra juridiske status, bør delegasjonsreglementet oppdaterast, skriv revisjonen. Dette er å forstå at framgangsmåten ved utlysingane og tilsetjingane har visse svakheiter. Blant anna kven og kor mange som tilset i slike prosessar. Revisjonen skriv vidare at det utanfrå kan stillast spørsmål ved tilsetjinga. Det var liten offentleg informasjon om utlysingane og saka elles.

Da dette er ei sak av interesse for alle seks kommunane, var det semje om at Revisjon innlandet fekk i oppdrag å taka ein gjennomgang av denne saka. Dei ville på ein meir objektiv måte handsame problemstillingane i denne saka.
Verdien av å føre selskapskontroll/ internkontroll er stor. No om dagen har vi fleire saker både lokalt og nasjonalt, der kontrollorgan vert kopla inn for å sjå på ymse sakshandsamingar. I ei tid der tilliten til dei offentlege tenestene og til politikarar er minkande, syner dette at kontroll og viljen til kontroll styrkar tilliten opp mot befolkninga elles. Kontroll i det offentlege er ei av grunnsøylene i vårt demokrati, og vert dette ignorert får vi samfunn ingen ynskjer.
Dersom politikarar ikkje er si rolle medveten både i media, sosiale media og i den rolla dei skal utøve, aukar mistilliten. Eg stiller meg difor svært undrande til at ordførarar har kritisk haldning til kontroll av dette slaget. Det vil vera styrkande for demokratiet, samfunnsengasjementet og dei offentlege tenestene våre med openheit og kontroll.
I denne saka ser vi at alt truleg får godt resultat. Tvilen rundt tilsetjingane er borte, og regionrådet bør utbetre ein del av prosedyrane sine. Eg vil med dette ynskje ei vidare god handsaming av denne saka.

Ove Turtum, tidlegare leiar av kontrollutvalet i Vågå