Opne og inkluderande Vågå - fleip eller fakta?

Av
DEL

lesarinnlegg

I GD 02. august skriv Sanna Sarromaa eit innlegg i GD kor ho påstår at ordførarkandidatane frå GD's serie av kandidatintervju pyntar på sanninga, og til og med lyg for å framstå ukontroversielle. Har ho rett? Mykje tyder på det.

Eg har sjølv fylgd GD si spalte med intervju av ordførarkandidatar. Sjølv delar eg Sarromaa sitt inntrykk av at kandidatane framstår notorisk ukontroversielle – og i stor grad idylliserer livet i si kommune. Ho syner til intervjuet med Senterpartiet sin kandidat i Vågå, Mette Vårdal, som beskriv Vågå som ei open og inkluderande bygd. Dette trur ikkje Sarromaa på og syner til at Vårdal også måtte få barn for å "knekke Vågå-koda". Sarromaa syner også til mitt innlegg i GD i vinter, kor eg skreiv om utfordringane ved å vera eit borgarleg innslag i ei elles raud og grøn kommune, da eg mellom anna fekk knust begge sidespeglane på bilen min og det vart skrive "Høgre-svin" i snøen på frontruta. Nå representerer Sarromaa den kontroversielle delen av befolkninga som ikkje har inngåande kunnskap om Nord-Gudbrandsdalen, og eg har moglegvis sjeldan vorte oppfatta som noko truverdig sanningsvitne i Vågåsamfunnet. Difor vil nok mange påstå at ingen av oss kan uttala oss med tyngde om Vågåsamfunnet.

Spørsmålet er: Trur Mette Vårdal på sitt eiga utsegn om kor "open og inkluderande" Vågå er? Det er det stor grunn til å tvile på. I Nationen 09. februar skreiv nemleg Vårdal i Nationen at ho har vore bekymra for familien si sikkerheit og har opplevd det begrensande for kva ho kunne gjera på fritida og kvar ho kunne gå og opphalde seg, som følgje av sitt politiske engasjement i Vågå. I påfølgjande intervju i GD beskreiv ho at ho har vorte kjefta opp framfor ungane sine og at ho ser seg over skuldrene når ho er ute og går i Vågå. Dette vart teke så alvorleg at ordføraren sporenstreks sette det opp som sak på påfølgjande formannskapsmøte.

Etter dette har vi ikkje høyrt meir om temaet før Vårdal fem månadar etterpå uttala at Vågå er ei ope og inkluderande kommune. Dette må vel vera eitt av dei mest groteske døma eg har sett på det ein på engelsk kallar "contradiction in terms" – eller på godt norsk: det heng rett og slett ikkje på greip.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags