Ord som forpliktar, Sp?

LØFTENE: Aud Hove og Even Aleksander Hagen kom med løfter i valgkampen, også om å ta i bruk distriktene i Innlandet.  Vil de stå ved løftene, spør innsenderen.

LØFTENE: Aud Hove og Even Aleksander Hagen kom med løfter i valgkampen, også om å ta i bruk distriktene i Innlandet. Vil de stå ved løftene, spør innsenderen. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
I desse dagar blir det arbeidd fram ein ny organiseringsmodell for musikksatsinga i Innlandet – Musikk i Innlandet. Fleire byar har lansert kandidaturet sitt i kampen om å bli hovudkvarter for eit nytt kompetansesenter for musikk. Det gjeld dei store byane i regionen, fyrst og fremst Hamar, Lillehammer, Gjøvik, Hamar og Elverum, men òg utkantbyen Fagernes.

Kor institusjonen skal ligge, blir avgjort av fylkespolitikarane ein gong på nyåret. Det vil seie: av fleirtalet i fylkestinget. Nøkkelen til avgjerda ligg ikkje hjå dei minste partia, men hjå dei største – Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

I den samanhengen er det verdt å spole tilbake til valkampen for nokre månadar sidan. Den gongen var det mykje prat om å ta heile Innlandet i bruk. Senterpartiet, særleg, brukte store ord og mykje tid på å framsnakke utkantane i regionen – i tillegg til at dei uttrykte ei generell bekymring for nedgangen i befolkninga i fylket og arbeidsplassar som forsvinn. Nærheit til tenestene er eit suksesskriterium, fortalde dei oss.

Eg kunne ikkje vere meir samd. Utfordringa er korleis vi omset snakket om nærheit og om å ta heile Innlandet i bruk – til praktisk politikk. Kva betyr det å framsnakke heile regionen i politisk samanheng? Med lovnadar og store ord følgjer òg forplikting og oppfølging.

Fleire av fylkespolitikarane har gått til val med eit program som forpliktar dei til å ta særlege omsyn til nettopp utkantane. Fordi? Fordi utkantpolitikken og utkantomsynet har ein verdi i seg sjølv. Og som Senterpartiet i Oppland og Hedmark skriv i programmet sitt: «Senterpartiet vil bygge Norge og ta hele landet i bruk. Vi vil arbeide for en helhetlig samfunnsutvikling og beslutninger skal tas så nær som mulig den som blir berørt. Vi vil ha gode tjenester, vekst og utvikling i hele fylket.»

Nærheitspolitikken er god. Og han forpliktar. Eg har difor stor tillit til at fylkespolitikarane legg avgjerande vekt på utkantane i saka om Musikk i Innlandet, og at dei har eit særleg auge til nettopp utkanten i valet om kven som skal få nye, heilt nødvendige kompetansearbeidsplassar.

Det er eit faktum at mange, ja, dei fleste av dei regionale tenestene ligg i regionbyane. På Hamar, på Lillehammer, på Gjøvik, på Elverum. Slik må det kanskje vere, men ikkje alltid. Ikkje heile tida. No og då bør og kan satsingar leggast til utkantane, til Valdres eller Nord-Gudbrandsdalen, utkantar med særlege utfordringar, som til dømes få kompetansearbeidsplassar og ein generell befolkningsnedgang.

Nokre gonger er gamal vane vond å vende, men nokre gonger er det verdt forsøket.

Fagernes i Valdres er ei naturleg plassering for framtidas Musikk i Innlandet. I kampen om kompetansearbeidsplassar i musikk står Valdres fram som ein av dei mest spennande og aktive musikkregionane, ikkje berre i Innlandet, men i heile Noreg. Per i dag ligg Nord-Europas største sommarkurs i klassisk musikk i Valdres. Sommarsymfonien trekker til seg 320 deltakarar frå heile verda. Dei siste åra har det vore ei stor satsing på klassisk ballett, som ei av kultursatsingane i regionen, og i landet. I Valdres finst eit av dei mest aktive folkemusikkmiljøa i landet. Jørn Hilme-stemnet er ein av dei eldste festivalane, og ein av dei største. I tillegg har vi eit aktivt organisasjonsliv innanfor folkemusikken når det gjeld kursverksemd og ungdomssatsingar – satsingar som andre folkemusikkmiljø andre stader i landet ser til og tek lærdom av. På Valdres Folkemuseum ligg eit av få instrumentverkstader i landet, som sørvar folkemusikkmiljøet med topp instrument. I tillegg til kvalitetsfestivalar som Hemsingfestivalen og Vinjerock. Norsk ressurssenter for klassisk musikk er også etablert, med ansvar for nasjonale og internasjonale prosjekt.

Korleis tek vi heile Innlandet i bruk, sa Senterpartiet i valkampen. Svaret er enkelt og dreier seg om konkrete satsingar på heile regionen gjennom politiske vedtak. Senterpartiet, saman med Arbeidarpartiet, sit med nøkkelen i fylkestinget, og i saka om musikksatsinga Musikk i Innlandet. Dei har ei gyllen anledning til å vise kva nærheit betyr i praktisk politikk.

Vil dei det?

Knut Aastad Bråten, kom.st.repr. (V), Nord-Aurdal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags