Gå til sidens hovedinnhold

Øystein Pettersen hadde eit stort fortrinn da han fekk seg dame i Skåbu: – Eg vart integrert med ein gong

Den tidlegare langrennsstjerna meiner han sette to rekordar under si Mesternes mester-karriere.

1,4 millionar har sett seg framfor fjernsynet for å sjå på dei fyrste episodane av Mesternes mester. Der kunne dei sjå Øystein Pettersen hinke ut av andre konkurranse.

– Ifølgje Tor Arne Hetland sette eg to rekordar. Både raskaste exit og raskaste grining, det er ikkje alle som kan reise frå der med to rekordar.

– Kva skjedde?

– Eg skulle gjerne sagt at eg gjorde noko heilt ekstremt og rått, men det som skjedde var at eg var litt kald da vi skulle pusle puslespel. Eg hadde ein sekk med sand på ryggen, og eg fekk ein god gammaldags strekk. Ifølgje legen hadde eg fått tennislegg, etter litt googling har eg funne ut at det blir kalla gammalmannslegg på folkemunne. Så det som hadde skjedd, var at eg hadde vorte gammal, seier Pettersen i GD-podkasten «Ett spark».

Les også

Øystein Pettersen røyk ut av Mesternes mester: – Aldri hatt så vondt i en fot noen gang

Enorm fordel med pickup

Her pratar han også om sin store kjærleik til tv-programmet «Jakten på kjærligheten», korleis han klarar å motivere ungane til å bli med på skitur og om hans tette forhold til Skåbu, eller «Skråbu», som han kallar det.

– Da eg vart kjent med kona Ellen køyrde eg pickup, det var eit voldsomt fortrinn i Skåbu. Eg vart så integrert, da var eg heilt oppe og spelte. Nå køyrer eg Tesla, det er litt verre...

– Er det der du kjem til å ende?

– Slik situasjonen er nå er det for langt unna verda å bu i Skåbu. Men fy søren så digg det hadde vore å flytta dit. Da skulle eg kjøpt meg ein sykkel utan gir og rulla rundt på vegen der. Når eg er ferdig med å vere kongen av reality, kan eg kanskje bli kongen av Skåbu.

– Da kunne du kanskje vore med på «Der ingen skulle tru at nokon skulle bu»?

– Det hadde vore heilt konge, det er eit anna av favorittprogramma mine!

Høyr heile episoden her: