Digitalisering i ei moderne tid.

Sist oktober skulle eg reise til Oslo og parkerte på langtidsparkering. Eg må si at det er lenge sidan eg hadde parkert der. Der var parkeringsautomaten i ustand. Ringte så til EasyPark og fekk hjelp av ein hyggeleg mann. Han var nok ikkje kjent på plassen. Fekk hjelp og pris og skulle laste ned ein app. Skulle berre ikkje parkere på BaneNor sine plasser. Valgte ein plass og såg ingen skilt.

Ved retur hadde eg likevel fått bot, eller kontrollsanksjon som det heiter. Ei lang gul remse frå eit anna selskap.

Etter å ha klaga og sendt fleire e-postar, innsåg eg at eg ikkje kom nokon veg, så eg betalte bota.

Så på nyåret fekk eg regning frå Easypark på parkering for den samme helga i oktober. Eg tok kontakt, og i går kom svaret. Inkassovarsel, og brev om at dei ikkje kunne hjelpe meg. EasyPark er berre eit selskap på oppdrag for eit anna parkeringsselskap. Så kort fortalt fekk eg ei bot og eit inkassovarsel for samme parkering. Fysisk umogleg, meinte eg, og fekk heldigvis ettergjeve den siste regninga.

Dette er ingen stor sak. Men det viser kor umenneskelege og kompliserte mange hendingar kan bli. Eg nærmar meg 70 og tenkjer på mange eldre som slit i ein digital verden. Som at 35 000 eldre egentleg ikkje har høve til fritt å stemme ved valget om Innlandet skal bestå eller ikkje. Det kan umogleg bli eit riktig valg.

Kari Nordsletten, Svatsum