Holø stiller til attval

ATTVAL: Ordførar i Lom kommune, Bjarne Eilof Holø, har funne ny motivasjon til å vere ordførarkandidat for Lom Senterparti. Her under signeringa av avtala om meir samarbeid mellom Gudbrandsdalen og Lillehammer.

ATTVAL: Ordførar i Lom kommune, Bjarne Eilof Holø, har funne ny motivasjon til å vere ordførarkandidat for Lom Senterparti. Her under signeringa av avtala om meir samarbeid mellom Gudbrandsdalen og Lillehammer. Foto:

Ordførar i Lom kommune, Bjarne Eiolf Holø (Sp), vil ta attval.

DEL

Han har takka ja til å stille som ordførarkandidat for Lom Senterparti.

– Det er mykje positivt som skjer i Lom, og eg vil vere med å forme Lom i nåtid og framtid. Eg tenkte lenge på om eg skulle takke ja til attval, men eg landa på at eg ynskte å takke ja, seier Holø til lokalavisa Fjuken, som omtalte nyheita fyrst.

Dermed stiller han som ordførarkandidat for tredje gong for Lom Senterparti.

LES OGSÅ: Elias Sperstad gir seg som ordfører i Skjåk

LES OGSÅ: Kampen om ordførerkjedet i Lillehammer starter torsdag


Artikkeltags