Gå til sidens hovedinnhold

Politireforma på Solberg-regjeringa si vakt

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Det som tidlegare var planlagt som nærpolitireform, er klokleg heller omtala som politireform. Det er nok ikkje mange korkje i by eller bygd som kan assosiere reforma med noko som er nært.

Politiet gjer ein god jobb og er ein svært sentral del av eit sivilt samfunn. I Norge har vi hatt ein stor tillit til politiet, dei har vore der når vi har hatt bruk for dei, og dei har vore synlege i lokalsamfunnet. Politiet sine oppgåver har forandra seg noko, i takt med tida. Nett og nettkriminalitet er ei stor utfordring, overgrep i og utanfor nære relasjonar kan vera døme på nettkriminalitet, men er òg kriminalitet som skjer rundt oss i lokalmiljøet. For det operative arbeidet er det framleis viktig at politiet har lokalkunnskap og er synlege i lokalmiljøet. Det er generalisten som har skapt den store tilliten til politiet i Norge. I tillegg treng vi nokre spesialiserte miljø.

Vi skal vera takksame for Barnehuset på Hamar som er ein viktig ressurs for barn, men òg for vaksne med behov for tilrettelagde avhøyr. Barnehusa i Norge har til tider sprengt kapasitet. Dersom det kjem fleire Barnehus, må ein sjå på lokalisering. Det er langt for born som skal reise frå Skjåk til barnehuset på Hamar. Barnehusa er tilrettelagde for spesialiserte oppgåver, det blir ikkje spesialiserte team i kvar region, men når kapasiteten er sprengt, er det viktig å sjå på avstand slik at rettstryggleiken blir lik om du bur i urbane eller rurale strok.

Nettopp rettstryggleiken har det vore lite fokus på i politireforma. Når politiet skal fylgje frå Nord-Gudbrandsdalen til Barnehuset eller arresten på Hamar, seier det seg sjølv at det tek mykje tid. Lokalisering av arresten går hardt utover eit stort vaktdistrikt med lite patruljar.

Nord- Gudbrandsdalen og Midt- Gudbrandsdalen er ein felles vakt- region med to patruljar på kveld og helg. To patruljar på ni kommunar på til saman 13 031 km², 31 496 innbyggjarar og 15 272 fritidsbustadar. Det har kome 2400 fleire polititilsette i politibyråkratiet i Oslo med politireforma. Politidirektoratet viser til at det har kome totalt to ekstra årsverk på patrulje i heile landet under «nærpolitireforma». Vestoppland og Gudbrandsdalen har ifølgje Brønnøysundregistera mista over 80 tilsette sidan 2015.

Politileiaren viser til at dei stort sett er innanfor anbefalt responstid, men det er gjennomsnittstid og viser ikkje heile biletet. Vi har hatt fleire hendingar i regionen det siste året der politiet har kome uakseptabelt seint, responstid inntil ein time har vi fleire døme på, det er døme på responstid på 1 time og 40 minutt.

Vi har òg hatt hendingar med trussel om sjølvdrap med våpen der både helse og brannmannskap har stått i situasjonen før politi har kome. Kva da med rettstryggleiken? Politileiaren forklarar at han ikkje får gjort noko med geografien, og det er heilt klart, men ein kan få gjort noko med vakt og beredskap.

Senterpartiet ynskjer rettstryggleik for alle og tenester nær folket. På vår vakt skal beredskapen aukast!

Edel Kveen, på vegner av Skjåk Senterparti