Presset omsorg i Gausdal

Av
DEL

Leserinnlegg
Vi ser nå at innstillinga til budsjettet frå administrasjonen til tenestekomiteen i Gausdal, går ut på å legge ned ei sjukeheimsavdeling, mindre dagsenter, få bort Bjørkvin, vekk med kjøkkenet i Follebu og mindre utdeling av mat til eldre blant anna. Dette har vi frykta sidan kommunen kom på Robeklista. Framleis skal det skje tilsettingar og meir ressursar til klagebehandling. Forstå det den som kan.

Det er stillingar med store lønskostnader som må bort, for at det skal bli sparing i økonomien. Dette, at det er dei sjuke og eldre som treng hjelp som det skal sparast på, er dårleg prioritering i kommunen. Tildelingsutvalget har vore vanskeleg å forstå tidlegare, og nå skal det bli enda verre å få tildelt ein sjukeheimsplass.

Politikarane skal lesa eit langt dokument på kort tid og ingen innbyggjar, råd eller komite skal ha eit ord med i laget.

Vi har berre eit håp, at tenestekomiteen har klokskap og fornuft til å ta andre avgjerder. V i har ikkje sett noko oversikt når det gjeld kva sparinga på tiltaka vil gje når det gjelder erstatning av pleiere og velferdteknologi. Dessutan er det den menneskelege kontakt som gjeld når ein blir gamal og skrøpeleg.

Fylkesmannen vil ha svar innan 1.juli, men han vil sikkert forstå om politikarane treng meir tid til å behandle eldreomsorga i Gausdal, spesielt når vi lever i desse koronatider. Nå må politikarane tenkje seg godt om.

Torgunn H. Maurset, Bygdalista i Gausdal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags