Gå til sidens hovedinnhold

Lokale skodespelarar sett sitt preg på Prøysenspelet

Artikkelen er over 5 år gammel

I tillegg til dei sju profesjonelle skodespelarane i spelet «Livets tombola», mogleggjer lokale heltar framsyninga.

Rudshøgda: – Slik går det når ein er ein evig optimist.

Tor Erik Nilsen, frå Stavsjø, spring gjennom regnet og ned på parkeringen til Prøysenhuset. Årets Prøysenspel «Livets tombola» har så vidt gått inn i oppkjøringsveka. Den einaste øvingsveka. Det er ikkje berre når det kjem til været at det er røffe forhold. Amatørskodespelar Nilsen og dei andre i spelet må berre finne seg i lange dagar.

– Det blir meir enn det arbeidsmiljøloven tilet ja, humrar trommis, Mats Lillehaug frå Hamar.

Artig

Dei sju lokale amatørskodespelarane i framsyninga meiner like vel det er verdt å bruke ferien sin på spelet.

– Det er heilt folkehøgskulestemning her, seier Lillehaug.

Les òg Desse kjem til «Blåklokkevikua»

Då Prøysenspelet skulle setjast opp for niande gong i år, støtte dei på eit problem. Mange av dei faste lokalskodespelarane var på ferie. Så da var det berre å kaste seg rundt å skrive ei annonse på Facebook.

Spelets yngste skodespelar Thomas Skyberg (14) såg annonsen. Guten frå Rudshøgda, meiner den største utfordringa under «Livets Tombola» vert å synge, mens ein dansar, og attpåtil skal det vere fleirstemt.

Proffe

Ein av grunnane til at fleire av dei lokale skodespelarane er med, er moglegheitene til å arbeide med profesjonelle. Brøttumsjenta Ellen Aamot Caspersen går på dramalinja på Stange, Renate Lysholm Snarud frå Brumunddal, byrjar der til hausten. Dei er begge to av dei lokale heltane i oppsetjinga og dei meiner at ein lærer mykje av dei profesjonelle bidragsytarane. Trass skodespelardrøymen er ikkje Aamot Kristiansen sikker på om det er ei framtid i skodespelaryrket.

– Det er hardt å kome inn på teaterhøgskulen, Men lærer innan drama hadde vore noko, seier ho.

Prøysen større enn Ringsaker

På ein treplatting står fantehus laga av trekasser. Nytt av året er det at teateret er fløtt frå tunet til Prøysenhuset og ti meter bortanfor gjerdet, til ei grasslette.

Les òg: Enkeltskjebnar i årets Prøysenspel

I tillegg til dei lokale aktørane, står sju profesjonelle på scena, deriblant Anne Bollette Stang Eng, Morten Svartveit og Preben Hodneland.

Nytt i år er det òg at spelet ikkje berre er på ringsakermål. Dei profesjonelle skodespelarane frå andre delar av landet brukar i år sine eigne dialektar. Prøysen er trass alt større enn Ringsaker.

Det er heilt folkehøgskulestemning her.

Mats Lillejaug, amatørskodespelar