Gå til sidens hovedinnhold

Haddy til «Blåklokkevikua»

Artikkelen er over 5 år gammel

Haddy N’jie er redd for å opptre under Prøysenfestivalen, men det hjelper å tenke på Alf Prøysens rausheit.

Lillehammer: Haddy voks opp med at Alf Prøysen sine barneviser kom strøymande ut av radioen. I tillegg var mora hennar svært glad i Prøysen som poet. Heime hjå Oslo-jenta var Prøysen sidestilt med Mozart.

Kjærleiken for Prøysen har følgt Haddy inn i vaksenlivet. Av hennar personlege favorittar finn vi klassikarar som «Du skal få en dag i mårå». Av dei mindre kjende songane står «Et lite kjærtegn» høgt oppe på lista hennar.

– Eg har eit veldig nært forhold til Prøysen, seier Haddy over ei sprakande telefonlinje. Bølgjeskvulp høyrast i bakgrunnen. Trass sommarferie greier ho ikkje å leggje frå seg reddselen for den komande konserten.

Les: òg: Enkeltskjebnar i årets Prøysenspel og Lokale skodespelarar sett sitt preg på Prøysenspelet

På norsk

I februar kom Haddys fyrste plate på norsk ut. Ho hadde ruga på den i fem år.

– Det er enkelte ting eg ville fortelja som ikkje var mogleg på engelsk. Det blir så lett metaforisk på engelsk. Eg måtte skriva på mitt eige språk. Samtidig blir det mykje nærare og meir personleg, eg står naken framfor lyttaren.

Akkurat som Alf Prøysen sine tekster er det menneske som står i sentrum i låtane til Haddy. Ho forklarar det med at det er verda og menneska i den som fasinerer ho mest.

– Vi nordmenn har ei veldig stor intimsone. Vi er så redde for å forstyrre dei rundt oss, eller vi veit ikkje kva vi skal si i møte med framande. Samtidig er det ofte å knuse denne hindringa det vi har mest lyst til. Slik har i alle fall eg det, seier artisten.

Når ho greier å knuse den barriera fortel Haddy at ho lærer utruleg mykje av folk rundt seg, folk ho møter som programleiar, tilfeldige menneske på butikken.

Sceneskrekk

Det er i fylgje Haddy ein skrekkblanda fryd å bli spurt om å opptre på Prøysenfestivalen.

– Det er skummelt å stå på ei scene og synge sine eigne songar, da har man ikkje programlederrollen å gøyme seg bak.

Haddy meiner det er overveldande å skulle opptre under «Blåklokkevikua» men ho trøystar seg med Alf Prøysens rausheit. Artisten trur ikkje han hadde villa at ho skulle føle seg i skyggen av han.

Under konserten den 19. juli kjem Haddy fyst og fremst til å framføre sine eigne songar.

– Men eg vil òg spele andre sin musikk. Erik Bye for eksempel, musikk eg skulle ynskje eg kunne lage.

– Kva med Alf Prøysen?

– Nei, det tørr eg nok ikkje.