Gå til sidens hovedinnhold

Stjerner til «Blåklokkevikua»

Artikkelen er over 5 år gammel

Når Prøysens fødselsdag enda ein gong skal feirast med Prøysenfestivalen «Blåklokkevikua» er det med eit stor spenn i programmet. Lars Vaular og Ole Ivars er to av dei som er med på festlegheitane.

Rudshøgda: Leiaren av Prøysenhuset, Hogne Moe, gler seg mest til opninga av den nye utstillinga på Prøysenhuset «Livets Runde» under årets «Blåklokkevikua». Høgdepunktet blir å sjå korleis folk tek imot den nye utstillinga som viser forfattarskapen til Prøysen. Prøysenhuset vil gjennom utstillinga vise det geniale i dei lågmælte tekstane til Prøysen.

– Eg gler meg òg til Lars Vaular, det blir spennande å ha han på festivalen, seier Moe.

Gangster Prøysen

Moe ser eit slektskap mellom tekstane til Prøysen og rapparar i dag.

– Dei ser korleis livet er og blir samfunnskommentatorar, seier leiaren av Prøysenhuset.

Han trur Prøysen personleg hadde kome til å like rapparen Lars Vaular veldig godt.

Og Vaular likar Prøysen.

– Eg har ein kamerat som heile tida snakkar om ein Alf Prøysen-song som handlar om tre-fire gutar som heile tida snakkar om kven som drikk mest. Det er jo tydeleg at han hadde noko «gangster shit», har rapparen sagt til Prøysenfestivalen si avis.

Breidde blant artistane

Om ikkje Vaular freistar, har Prøysenfestivalen vore føre var og prøvd å finne noko for ein kvar smak.

Haddy til «Blåklokkevikua» 

Opningsdagen kan ein blant anna oppleva Ole Ivars og utover i festivalveka kjem artistar som Lars Bremnes, Haddy N’jie, Vamp og Wenche Myhre. Sistnemnde var som ung med Prøysen på turné. Myhre med band er eit av trekkplastera under Patriot-Paulas-festkonsert. Ho lovar både hits frå sitt eige repertoar i tillegg til nokre Prøysen-visar.

 

– Det er høg kjendisfaktor?

– Vi har eit vidt spenn, alt frå Ole Ivars til Lars Vaular. Vi er alltid ute etter artistar som syng på norsk, forklarar Moe.

Noko for alle

Leiaren for Prøysenhuset legg til at det er mykje meir enn det musikalske å finne under festivalen.

– Det blir mykje innhald, Prøysen-spelet «Livets tombola» er nytt. Og på dagtid har vi to barneframsyningar. I tillegg skal det vere mykje å gjere for barnefamiliar under festivalen, seier Moe.

Enkeltskjebnar i årets Prøysenspel

Lokale skodespelarar sett sitt preg på Prøysenspelet