Gå til sidens hovedinnhold

Feira 101-årsjubilanten Alf

Artikkelen er over 5 år gammel

101-årsjubilanten Alf Prøysen vart feira med song og jordbær. Men ein besøksfest har ikkje årets Prøysenfestival vore.

Rudshøgda: Med finvær og 100-årsjubileum gjekk fjorårets «Blåklokkeviku» gjekk over all forventning. Trass ny utstilling og kjendisspekka program har det gått rolegare for seg på festivalområdet i år.

Fornøgd

Dei som hadde møtt var likevel stort sett fornøgd med tingas tilstand.

– Men bongsystemet for å få seg kaffi og mat var ein vitskap, humrar Åsmund Jahr, som saman med Solveig Grønslet hadde benka seg til fødselsdagsfeiring og festkonserten torsdag.

Grønset meinte på si side at dei hadde fått så god hjelp på festivalområdet at det ikkje var noko problem.

Og smila sat laust hjå dei fleste, der dei åt jordbær med fløyte og myste mot sola.

Likevel er det kanskje kaninen Fluffi som burde vera mest fornøgd. Han har fått kos frå morgon til kveld, sidan festivalen opna fredag.

Les òg: Ikke vant til sittende publikum

Færre besøkjande

Grunnen til færre besøk under årets festival trur leiaren av Prøysenhuset Hogne Moe og kommunikasjonsmedarbeidar Ida Nilsen kan ha mykje med vêret å gjere.

– I tillegg var det veldig høgt Prøysenfokus i fjor, det kan kanskje vere grunnen til at folk tek ei Prøysenpause i år, meiner Moe.

Nilsen på si side trur at ein av hovudattraksjonane i år, utstillinga «Livets runde», kan vere ein del av grunnen.

– Sidan den vil vere der i haust og, kan det hende folk ventar til seinare med å ta turen.

Les òg: Full fart i Mikkelikski-skogen ved Prøysenhuset

Ser framover

Men dei to tek ikkje sorgane på forskot.

– Om ein ser bort frå festivalen i fjor, har dagsbesøka i år vore høgare enn tidlegare. I går hadde vi i tillegg mykje folk på konserten med Lars Bremnes, seier Nilseng.

Les òg: Haddy til «Blåklokkevikua»

– Festivalen er heller ikkje over enda, og det er seld over 1.000 billettar på Vamp laurdag. Etter festivalen får vi sette oss ned og ta ein titt på dei endelege tala, fortel Moe.

Det har vore to spesielle år for festivalen med nytt bygg og ny utstilling. Kva eksakt som skjer framover er ikkje spikra.

– Men Prøysen har noko for alle og det skal vi arbeida med framover, seier leiaren av Prøysenhuset.

Og sidan årets festival har gjesta både Lars Vaular, Ole Ivars og Wenche Myhre, kan ein vel seie dei alt er i gang.

Les òg: