Psykisk helse i koronatider

- Det hjelper lite at politikarane seier dei skal satse på psykisk helse, når det ikkje følgjer økonomi og kunnskap med, skriv Torgunn Holm Mauset.

- Det hjelper lite at politikarane seier dei skal satse på psykisk helse, når det ikkje følgjer økonomi og kunnskap med, skriv Torgunn Holm Mauset. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg 

Det blir sagt at vi skal ta vare på kvarandre, men gjer vi det?

Helsearbeidarar gjer så godt dei kan, og dei treng ros for at dei står på og hjelper dei som er sjuke og einsame. Men når generalsekretæren i Rådet for psykisk helse varslar om sjølvmordstatistikken som går opp i desse tider, må vi vera på vakt!

Det blir peikt på at det er økonomien og arbeidsplassane som er i fare, men tenk om vi kunne sjå at menneskeliv er i fare. Da tenkjer eg på alle som sit utan menneskekontakt og treng ein turven, handlehjelp eller berre ein telefon. Kanskje kunne friviljugsentralen formidla kontakt ? Eg trur mange slit men tør ikkje ta kontakt, fordi det er flaut å be om hjelp. Det er både unge og eldre som kan ha psykiske plager og som treng noen å snakka med i desse tider.

Det hjelper lite at politikarane seier dei skal satse på psykisk helse, når det ikkje følgjer økonomi og kunnskap med. Vi ser at ute i kommunane , i Distriktpsykisk senter og på sjukehuset slit dei med økonomien. Da blir det viktigare enn nokon gong å satse på desse stadene i framtida.

Ingen veit dette betre enn vi i Mental helse Lillehammer, Øyer og Gausdal.

Torgunn Holm Maurset, Gausdal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken