Redd den stygge statistikken frå Lesja vil fortsette også i år

De to føregåande beitesesongane (2018 og 2019) i Lesja har resultert i ei markant auke i tap av sau, og i 2019 sesongen stod Lesja åleine for nesten ein tredjedel av tapa i Gudbrandsdalen, skriv Sæther.

De to føregåande beitesesongane (2018 og 2019) i Lesja har resultert i ei markant auke i tap av sau, og i 2019 sesongen stod Lesja åleine for nesten ein tredjedel av tapa i Gudbrandsdalen, skriv Sæther. Foto:

Av
DEL

Lesarinnlegg
Kalenderen har bikka over til juni, og både graset og elvane veks. Veks gjer også oversikta over jerveynglingar i landet. Per i dag er det 7 registrerte ynglingar i region 3, som er gamle Oppland fylke. Bestandsmålet er 4 ynglingar. På denne tida i fjor var det registrert 8 ynglingar i same region. 100 prosent over bestandsmålet.

Da vinterens jervejakt vart avslutta 15. februar var det felt 8 jervar av ei kvote på 10.

Miljødirektoratets oversikt over observasjonar og DNA funn på rovbase.no viser at det er registrert mykje jerv i våre område også etter at årets jakt var avslutta.

De to føregåande beitesesongane (2018 og 2019) i Lesja har resultert i ei markant auke i tap av sau, og i 2019 sesongen stod Lesja åleine for nesten ein tredjedel av tapa i Gudbrandsdalen. 991 sau vart tapt. Det nærmar seg nå beiteslepp att, og eg er redd den stygge statistikken frå Lesja vil fortsette også i år når Miljødirektoratet ikkje evner å utføre tiltak som kan endre dette. Det var att dyr på fellingskvotane som kunne vore tatt ut. Det er 75 prosent fleire ynglingar enn det vedteke målet. Desse kunne vore tatt ut, og dei hadde enda hatt ryggen sin fri.

Beitenæringa pressar på. Rovviltnemnda med Aud Hove i spissen pressar på, men direktoratet vil ikkje la seg presse. Dei vil berre fortsette slik dei har gjort sidan 2004 da bestandsmålet for jerveynglingar vart sett. Dei vil ligge over målet. Langt over.

Eirik Sæther, leiar i Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk Lesja og Dovre lokallag

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags