Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa må løyve meir pengar til høghastigheitsbreiband!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Koronapandemien har synt oss at god tilgang på Internett gjer det mogeleg å bu og arbeide i heile landet. Det er godt nytt for distrikta. Stader utan trygg og god nettilgang derimot, vil ikkje ha ein sjanse. Bygdekvinnelaget meiner Noreg treng meir svenske tilstander. Då kan vi sikre busetjing og verdiskaping i distrikta.

For å nå målet om høghastigheitsbreiband til alle innan utgangen av 2025 må regjeringa løyve meir pengar og ha høgre ambisjonar.

Den uavhengige interesseorganisasjonen IKT-Norge jobbar for å styrke det digitale næringslivet. IKT-Norge meiner regjeringa sitt mål om 100 megabit per sekund (Mbit/s) i nedlastingshastigheit er for lågt. I Sverige er utbygginga kome lengre, og målet for nedlastinghastigheit på breiband er ti gongar raskare enn i Noreg.Vi kan bygge ut for tilsvarande fart i store deler av landet i dag.

Det er framleis 530 000 nordmenn venter på godt nok breiband. For å få høghastigheitsbreiband til alle reknar IKT-Norge med at utbygginga vil koste ein milliard i året dei neste fire åra.

Det er lagt mykje fiber og utbygginga av 5G-nettet er i gang. Det er avgjerande at alle kommunane får godt breiband.

Høyhastigheitsbreiband er infrastruktur som må prioriterast. Den digitale utviklinga gjev oss moglegheiter for entreprenørskap og verdiskaping over heile landet. Offentlege myndigheiter legg opp til at kommunikasjon skal skje digitalt. Då kan vi ikkje tillate digitale skilnader. Det kan bli eit vere eller ikkje vere for nokre av landet sine stader. Mange stader i Oppland skal ein ikkje langt ut frå kommunesentra før det knapt er mobildekning nok til at ungane får gjort skulearbeidet på nett.

For vere trygge på nettilgangen må vi planlegge for ein robust infrastruktur. Folk må kunne kommunisere sjølv om nettet er nede. For å trygge dette må det byggas ut konkurrerande infrastruktur. Sjølv om eit område får 5G- dekning må ein legge mest mogeleg fiber i tillegg, og løysingane bør vere knytt til ulike nett. Vi vil ha framtidsretta løysningar som gjev tryggleik, næringsutvikling og auka verdiskaping i heile landet.

IKT-Norge meiner Regjeringa må ha høgare ambisjonar enn Solberg-regjeringa legg opp til. Bygdekvinnelaget støtter IKT-Norge i deira krav. Målet må vere å gje minimum 95 prosent av alle husstandar, verksemder og offentlege kontor tilgang til breiband med ein fart på minimum 1000 Mbit/s i løpet av 2025. Målet for resten av landet bør vere minimum 100 Mbit/s i løpet av 2025. Regjeringa må òg setje av minst ein milliard i året dei neste fire åra, for å halde tempoet på utbygginga oppe, og gje alle godt breiband.

Borgny Sletten, leiar Oppland Bygdekvinnelag, Vinstra