Regjeringa sin politikk for sentralisering av kapital og makt er eit kraftig slag mot vekst og utvikling i heile landet

- Mindre kapital gir mindre utviklingskraft. Dessverre fører regjeringa ein bevisst politikk for å svekke kapital-tilgangen i distrikta, skriv Sp-toppane i Oppland.

- Mindre kapital gir mindre utviklingskraft. Dessverre fører regjeringa ein bevisst politikk for å svekke kapital-tilgangen i distrikta, skriv Sp-toppane i Oppland.

Av
DEL

lesarinnlegg


Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er prega av tiltak som konsentrerer makt og kapital, i eit stadig større omfang. I tillegg til dei økonomiske prioriteringane i statsbudsjettet, legg regjeringa også fram andre uheldige forslag, som fører til det same.

Tilgang på kapital er avgjerande for at næringsliv skal kunne gjera investeringar. Investeringar er nødvendige for å skape nye arbeidsplassar, ofte også for å trygge dei eksisterande.

I Innlandet er store delar av næringslivet i ein situasjon som gjer at få bedrifter kan klare dette med eigen kapital. Mange bedrifter er knytt til næringar med låg lønsemd, og i liten grad kan det her byggast opp kapital-reserver til slik bruk. Det finst unntak, men biletet er tydeleg. Difor er det svært viktig med tilgang på kaptal frå andre kjelder.

Biletet har vore slik lenge. Gode finansieringskjelder, som lokale sparebankar, har gjennom generasjonar stilt kapital til disposisjon, og difor har lokalt næringsliv greidd å skaffe kapital til nødvendige investeringar. Gode lokale finansmiljø kan seiast å ha vore avgjerande for næringslivet sine rammevilkår i distrikts-Noreg

I tillegg til slik privat kapital-tilgang har også gode statlege verkemiddel vore viktige for næringslivet i distrikta si utvikling. Dei regionale utviklingsmidla har vore eit godt eksempel på korleis ein slik kan gi målretta støtte til viktige investerings- og utvklingsprosjekt i næringslivet

Mindre kapital gir mindre utviklingskraft. Dessverre fører regjeringa ein bevisst politikk for å svekke kapital-tilgangen i distrikta. To aktuelle eksempel illusterer godt dette:

Det eine er forslaget om nye kapitalkrav for bankane, utvikla av EU og sendt ut frå Finansdepartementet. Det blir foreslått strengare krav for mindre bankar enn for større, og det vil da bli vanskelegare å skaffe kapital til investeringar i område der lokale og mindre bankar dominerer. Konkurranse-vilkåra for mindre bankar blir svekka, medan store nasjonale bankar med sterk kapitalbase får store konkurranse-fortrinn. Næringslivet i distrikts-Noreg får dårlegare kapital-tilgang og svekka konkurranse-kraft.

Det andre eksempelet er regjeringa sine konsekvente kutt i fylkeskommunane sine rammer for regionale utviklingsmiddel, over mange år. Dette er middel som mellom anna kan brukast til kommunale næringsfond. For mange bedrifter har slike fond vore ein viktig tilgang til kapital for mindre, men nødvendige, investeringar. Særleg for bedrifter i mindre kommunar har desse løyvingane vore viktige. Også i forslaget til statsbudsjett for 2020 held regjeringa på si konsekvente linje om at det skal kuttast i desse løyvingane.

Regjeringa arbeider for sentralisering av makt og kapital. Regjeringa sin politikk er eit kraftig slag mot vekst og utvikling i heile landet.

Olav Røssum, nestleiar,
Bengt Fasteraune, leiar,
Oppland Senterparti

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags