Det er freistande å kaste seg inn i debatten rundt Morten Kraabøl sine innlegg om rovdyr.

Som dyrekjær person vil eg ikkje korkje rovdyr eller andre "til livs". Men det er nå ein gong slik at alle skapningar i naturen lever meir eller mindre av andre. Dette skapar ei viss balanse, men og det motsette.

Her kjem mennesket og det vi lever av inn, og må ha sin del av "kaka". Sauehald med beite i utmark, er matproduksjon og utnytting av ressurser for oss. Ikkje ei særinteresse som einskilde liker å kalle det.

Kraabøl meiner at utskyting av fleire einskildindivid ikkje gjer det betre for lidande sau og lam. Nei, lidingar kan ingen skåne oss heilt ifrå, korkje folk eller dyr. Om vi passar både oss sjølve og dyra våre så godt det let seg gjere, vil sjukdom og ulykker ramme.

Men, det er politisk avgjort at rovdyrbestanden skal vera så og så stor. Det blir også avgjort kor stor til dømes elgbestanden skal vera. Så lyt ein prøve å halde seg innafor dei rammene! Og slutte å påstå at ulven er ein kritisk truga art, når det finst tusenvis av den over heile Europa.

Kraabøl skriv at det står fyldige forslag til løysingar på offisielle nettsider. Da meiner han vel korleis vi kan handtere denne konflikta rovdyr kontra beitedyr. For han ser det ut til at løysinga er "Kompensasjonsordningen". Altså å slutte med sau i utmark, og heller starte med storfe. Jau, fer vi nok ulv og bjørn, så vil nok ikkje dei kvi seg for å leggje ned også eit slikt bytte. Eller ta hardt for seg av villreinen.

At mange sopp og planter vil bukke under om beitedyr i utmark forsvinn, synes heller ikkje å uroe dei som kjempar hardast for rovdyra. Det synes å vera forskjell på liten og stor og dei "usynlege"også i denne debatten.

Alle treng mat, å vera sjølforsynt har fått meir aktualitet nå enn på lenge. Da er matproduksjon i utmark noko vi både må halde fram med, og som vil gje oss den beste og sunnaste maten. Det skulle vel ein med tittelen biolog forstå betre enn nokon annan?

Fride Gunn Rudi, Ringebu, småbrukar