Rovdyr i valgkampen

Like omstridt: Regjeringens arbeid med nye bestandsmål for ulv og framtiden for dagens ulvesone viser at rovviltpolitikken fortsatt er like omstridt.

Like omstridt: Regjeringens arbeid med nye bestandsmål for ulv og framtiden for dagens ulvesone viser at rovviltpolitikken fortsatt er like omstridt. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LESERBREVAnnakvart år bryr politikarane seg om beitenæringa. Det er i valgkamp-tida eller rettere sagt når dei skal søkja på å behalda arbeidet sitt eller søkja om nytt arbeid som politikar.

Vi i beitenæringa  stiller opp med ny von om betre tider på ulike valgkamp-opptreden, så som t.d. ordførar-opprop og møter med rovdyr-relaterte tema. Aviser og media er fulle av stoff om konsekvensane freda rovdyr har for næringa vår. Debatten har i år hatt god drahjelp av auken i ulvebestanden (ulven har gjesta dei fleste fylker i Norge dette året) og at ulven har herja i meire sentrale områder, jmf. dei tragiske hendingane i Enebakk.

I Oppland vert vi kvalt av ei meiningslaus jervforvaltning som har ført til omlag dobbelt så stor bestand som bestandsmål. (Vi har pr. dato over 20 dyr meire enn vi er forplikta til å ha.)

I avisinnlegg i GD den 12. august påstår Oppland Høyre at rovdyr ikke er valgkamp for dei, men at "deler av næringa har brukt rovdyras herjinger som et ledd i valgkampen." Dette reknar eg med skal vera eit stikk til beitenæringa (les jordbruksorganisasjonane i Oppland) i samband med at fleire i media hevda at beitenæringa ikkje ville møta statsrådane, som plutseleg dukka opp i Oppland 7. august. Eg ber derfor Oppland Høyre om å sjekka kildene sine i hovudstaden for å skaffe til vegs invitasjonen beitenæringa fekk til møtet. Etter det eg har kjennskap til saka så kom det ein invitasjon til beitenæringa til dette møtet. Det var ein SMS kl. 12.00 den 6. august til dei 2 beitebrukarane frå Sør-Fron, som hadde sanka heim dyra sine grunna store tap og skader, frå Landbruk og Matdepartementet.

På spørsmål om beitenæringa ved jordbruksorganisasjonane kunne få vera med, var svaret nei. På spørsmål til Klima og Miljødepartementet kl. 14.00 same dagen fekk vi til svar at agendaen, kven som skulle bli bedd og kvar møtet skulle vera enda ikkje var avklart. Så da spør eg: Var det rart at beitenæringa ikkje kom til møtet med dei 2 statsrådane? Eg meiner nei, for kven møter eigentleg på slike møter utan å verta bedd? Og på spørsmålet om kven som dreiv valgkam p er det vel ikkje vanskeleg å skjøna kven det var!

Vi meiner at nå må politikarane ta ansvaret dei har teke på seg. Det er ikkje nok å vedta eit rovviltforlik som aldri har vorte følgt. Den tosidige målsetjinga har aldri vorte følgt opp av forvaltinga. Det er ikkje nok å vera oppteke av beitenæringas framtid ein gong annakvart år.

Pål Kjorstad

Sekretær i Oppland Sau og Geit og leiar i Utmarksrådet i Norsk Sau og Geit

Følg på: Facebook

I Oppland vert vi kvalt av ei meiningslaus jervforvaltning som har ført til omlag dobbelt så stor bestand som bestandsmål.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags