Rovviltforvaltning stikk i strid med tida

Skjåk Sp vil ikkje  ha avkorting av beitesesongen.

Skjåk Sp vil ikkje ha avkorting av beitesesongen. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

I dagens biologiske utvikling er dei fleste samde i ein ting; vi må bruke utmarksressursane som vi har rundt oss! Da er det besynderleg, og frykteleg synd at lokale beitelag i regionen no får tilbod frå Fylkesmannen om tidlegsanking.

Dei siste åra har det vore veldig store rovdyrtap i Reinheimen, noko som gjer beitebruken skadelidande. Tapa skuldast hovudsakleg jerv. Det er fleire tiltak som kan motverke rovdyrtap, men tidlegsanking ser vi på som ei fallitterklæring. Sanking før 25. august vil få fleire uheldige konsekvensar og ringverknader. Framleis vil det stå att fleire veker med godt fjellbeite, og erfaringar viser at det er desse vekene som er mest utslagsgjevande for vektene på lamma. Hjå eit lam som tidoblar fødevekta fram til hausten, skjer ca. 70 % av veksten på utmarksbeite. Det er dette som er gevinsten for gardbrukaren og det biologiske mangfaldet!

Dersom ein skal sanke før 25. august inneber det naturlegvis at ein må ta i bruk innmark på gardsbruka for beiting, eller av årets innhausta avlingar mykje tidlegare enn tenkt. I 2016 vart det slept 2 856 sauer på utmarksbeite i Skjåk. Med 11 veker på utmarksbeite, vil desse foreiningane utgjere nær 1,6 millionar kroner. Med andre ord er det også prat om kroneverdiar som går tapt dersom ein kortar ned på beiteveker.

Beitenæringa blir med dette fanga i ei rovdyrforvaltning som ikkje held jervbestanden på lovleg fatta vedtak i Stortinget. For dette tilfelle omhandlar det forvaltningsregion 3 (Oppland) og forvaltningsregion 6 (Møre og Romsdal og Trøndelag). Jervbestanden er stadig aukande, og er no langt over det bestandsmålet som Stortinget har vedteke. Frå 2018 til 2019 auka bestanden med 23 individ, og var i 2019 på 332 vaksne jervar. Bestandsmålet for Oppland er at det skal vera 4 ynglande jervar. I 2019 var dette talet oppe i 8 ynglingar. Rovviltforliket frå 2011 held dermed ikkje lovnadane som vart gjevne.

Rovviltnemnda har nyleg oppmoda om meir uttak av jerv i dette området, men fått avslag frå Miljødirektoratet. Dette står i kontrast mot Stortingsvedtaket på bestandsmål, og det ligg heller ikkje ved noka skriftleg, fagleg grunngjeving for avslaget.

Reinheimen er eit stort geografisk område på 425 km2, og med stor variasjon i vegetasjon og flora. Det har stor spennvidde i miljøtilhøve, inneheld mange verdifulle lokalitetar med fleire interessante og dels truga artar. Ein del av dei truga planteartane er heilt avhengig av beitedyr. Kulturlandskapet er i seg sjølv avhengig av beitedyr for å sikre mangfald i planteartar, insekt og fuglar. Vi har eit ansvar for å ivareta dette, og difor er beitenæringa ein viktig miljøfaktor i heile krinsen.

På dette tidspunktet er vår meining at det mest aktuelle tiltaket vil vera auka uttak av jerv. Fleire jerv må takast ut for at beitenæringa skal ha forsvarlege rammevilkår. I fjor var det totale tapet for beitenæringa i Skjåk 20 søyer og 242 lam. Det er store tap, og rammer den enkelte gardbrukar og sauebesetning hardt.

Beitelaget i Skjåk ynskjer dialog for å få ned tapstala og for ta godt hand om dyrevelferd. Men tidlegsanking er ikkje noka enkel løysing for nokon. Sauen er vanskeleg å få heim såpass tidleg i beitesesongen. Det er langt enklare å sanke sauen når den samlar seg og trekkjer framover frå fjellet. I vår tid er mykje festtalar om berekraft og korleis vi skal bruke ressursane våre på ein betre måte. Beitenæring er i høgste grad ei næring med berekraft og store fordeler for miljøet. Beitebrukarane i Reinheimen leverer mange av lamma til slakteriet direkte frå utmarksbeite. Kjøt frå høgfjellet har verdifulle feittsyrer, og er produsert på ein ressurs som vi elles ikkje får utnytta.

Staten med sine verkemiddel, og sitt apparat (SNO), må prioritere å ta ut fleire dyr for å kome ned på bestandsmålet. Dette er i tråd med rovviltforliket som opnar for ekstraordinære tiltak dersom ordinær jakt ikkje er tilstrekkeleg. Forvaltningsmyndet må prioritere å bruke midlar på tiltak som faktisk gjev effekt. Barmarksjakt om sumaren og hausten som ekstraordinære tiltak viser å ha veldig liten effekt. Likevel blir det år etter år brukt midlar på dette som forsøk på tiltak.

Vi ber om at eit statleg, systematisk arbeid for å kome ned på bestandsmålet, og at Fylkesmannen prioriterer andre tiltak enn tidlegsanking.


Edel Kveen og Kristen Haugen Dagsgard, Skjåk Sp


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags