Kari Bremnes klar for fullsatt låve på Rudi gard

Artisten Kari Bremnes kjemt tiil Rudi gard torsdag.

Artisten Kari Bremnes kjemt tiil Rudi gard torsdag. Foto:

Torsdag kveld står artisten Kari Bremnes på scena i Rudilåven i Sør-Fron.

DEL

SØR-FRON: – Kari Bremnes er av våre aller fremste låtskrivarar og songarar, og er ein formidabel liveartist. Ho har ein unik evne til å nå folk over heile landet, og knyter sterke band til sitt stadig større publikum. Bremnes har skrive songar halve livet, vore artist enda lengre og gjennom åra har ho nærast utvikla ein eigen sjanger. Kjernen i den er nærleiken til folk og historiene rundt liva vi lever. Om å miste, om å finne. Om storheit og trivialitetar, er slik Rudi gard presenterer artisten som kjem på besøk.

Bremnes er blant artistane som har stått høgt på ønskjelista til vertskapet i lang tid. Denne sommeren er det damene som inntar scenen på Rudi Gard.

Øystein Rudi melder om at det blir fullt hus denne kvelden. Det betyr at 500 skal oppleve Bremnes her.

Artikkeltags