Gå til sidens hovedinnhold

Rus og verkelegheit

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I Rusreformutvalets rapport på 416 sider, er det ut frå vitskaplege vurderingar ikkje samanheng mellom straffereaksjonar og bruk av narkotika, uttrykkjer Ketil Kjenseth. Eg har ikkje lese rapporten, men synest debatten om emnet i GD kanskje har fått ein noko oppkonstruert motsetnad, og at førestillinga om at straffereaksjonar ikkje kan ha element av førebygging i seg, blir litt enkel.

Ordensmakta kan ha ulike moglegheiter å løyse bruk av narkotika på, utan at det kjem i noko register; bøter og fengsel skjer vel i dei færraste tilfella. Påtaleunnlating og oppfølging av ungdomar er ofte brukt, og i fyrste tilfellet blir gjerne ein prøveperiode nytta, der yngre menneskje får sjansen til å innpasse seg i eit samfunn, eller kome tilbake til det.

I eit samfunn med ein del skuletrøyttleik, mangel på innstilling (motivasjon), arbeidsløyse, depresjonar, isolasjon (ikkje minst no), er det viktig å kunne fange opp ungdomar som kan vera i faresona, og derfor er sårbare for ytre påverknader. Tanken bak Rusreforma er sannsynlegvis god, og ein kunne ønskje at vi alle var likevektige og harmoniske nok i forhold til omgjevnadene, og at vi kunne gje og fange signal til det beste for den enkelte og samfunnet.

Ifølgje Rusutvalet er det heller ikkje indikasjonar på auka bruk eller misbruk ved avkriminalisering, og at det på ein måte blir gjort til noko normalt. Det er heller ikkje bra om ein forhasta reaksjon og straff frå eit samfunn, kan gje ein ungdom eit grunnskot og øydelagd framtid, for ein liten glipp med narkotika. I andre situasjonar kan det kanskje vera at politiet kom inn i siste liten, og fekk skuta noko på rett kjøl att, før det kunne ha gått sakte, men sikkert, mot avgrunnen.

Ingen har vel heilt svar på desse vanskelege spørsmåla, og det er nok ulik grad av ålvor ved det meste i dette livet, men mykje kan stå på spel om ein ikkje finn fornuftige løysingar på desse spørsmåla.

Hans Sandviken, Vinstra