Gå til sidens hovedinnhold

Sats på nye energiformer

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Koronaepidemien var «eit skot for baugen» for verdas samfunnsskuter.

«Skot (fram-) for baugen» er eit gamalt uttrykk for at eit kontrollorgan meinar farten på skipet er for stor eller at kursen er feil. Koronaepidemien er naturens eige varselskot om at utviklinga av menneskesamfunna går i feil retning. Vegen inn i framtida kan ikkje lenger vardast med lovnad om aukende materiell rikdom og forbruk av nye naturlandskap og minkende ressurser.

Koronakrisa er eit glimende høve til å senke farten og tenkje seg om.

Noreg er eit lite land i ei ovstor verd, men som eitt av dei rikeste vil våre val kunne setja mønster for mange.

Dette veit våre folkevelde like godt som eg. Dei veit også at verda flyt over av kol, olje og gass, som slipper ut enorme mengder av CO₂ og andre drivhus-gassar. Nivået har nå nådd 418 ppm, dvs. eit nivå ekspertene kallar kritisk.

80 000 arbeidsplasser og ein enorm sum av kunnskap og kompetanse står på spel, og vi har nå eit spjelda høve til å satse på nye energiformer og setja i gang seriøse forsøk på å rhinske opp i atmosfæren, i havet og på ei jord i vaklende balanse.

Akkurat nå kan Noreg finne stigen mot ei grønare framtid. Men stuttsynet styrer verda.

Derfor ser eit solid fleirtal av politikarane våre å velja å pumpe nivået opp att til gamle høyder; nivået av oljeuttak i livets grenseland mot iskanten, nivået av materielt forbruk, nivået av bruk og kast.

Vi hadde valet, men valde den breie vegen klima-avgrunnen.

Torgeir T. Garmo, Lom