Gå til sidens hovedinnhold

Se GDs store 17. mai-sending fra Maihaugen

GD sendte direkte fra Maihaugen 17. mai. Se sendinga i sin helhet i videovinduet over.

Denne gongen har vi slått oss til i vakre omgjevnader på Maihaugen for å gje godt selskap til lillehamringar og gudbrandsdølar gjennom dagen. I samarbeid med tv-studentar frå høgskulen skal programleiarane Elin Moen og Ole Martin Sjetne feire nasjonaldagen med direktesending frå klokka 11 på gd.no.

– Skrekken er jo sjølvsagt å dumme seg ut på direktesending. Etter å ha vore ti av dei siste femten dagane før sending i karantene føler eg ikkje at eg har heilt kontroll på alt enda, men eg har ein veldig god og trygg medprogramleiar samt eit dyktig produksjonsteam i ryggen, så eg trur dette blir ei kjempebra sending, seier Elin Moen som frykta det verste for sendinga da smitteutbrotet i Øyer sende henne i karantene.

Mange tv-studentar fra høgskolen er med og bideg til sendinga.

– Det kunne ha spolert alt for nesten 40 personar, seier Moen.

– Håpar eg ikkje skadar meg

Blant gjestane er mellom anna kombinertstjerna Jarl Magnus Riiber, som fortel kvifor han har gjort lillehamring av seg. Ove Vadet er med frå skiheisen på Dombås, den nasjonale rånehelten Jon Arild Jøingsli gjev oss ein rapport frå bilen, kommuneoverlege i Ringebu Per Ove Hagestuen fortel korleis året har vore og politistasjonssjef Terje Krogstad er med for å hylle dei som må arbeide sjølv om det er raude dagar.

– Eg gler meg veldig til å få samla heile Gudbrandsdalen på ein stad etter eit år med avstand, sjølv om det blir digitalt. Vi har ein fin bukett gjester som det blir hyggeleg å utfordre både med konkurransar og moro, seier Moen.

– Kva er det verste som kan skje i ei slik direktesending?

– Eg er ikkje veldig redd for at ting kan gå gale. Men det er direktesending, så alt kan jo skje. Eg håpar eg ikkje skadar meg under sending, for eg skal gjennom ein konkurranse som eg går 100 prosent inn for å vinne, seier Ole Martin Sjetne.

Dessert-overrasking

Matglade Sjetne har nytta førebuingstida til å finne ut kven som har dei beste pølsene i dalen, og har i tillegg fått kokken Tor til å lage festmaten for GD sine sjåarar.

– Rykta seier at det blir ein god biff på menyen, og så pleier han å overraske når det kjem til desserten.

Og som dei vise så ofte seier: Det er berre vêret ein ikkje kan styre med, og vêrvarselet ser ikkje aldeles rosenraudt ut, med fare for ei og annan kvass regnskur på nasjonaldagen.

– Det er jo nedtur om det blir regn, men samtidig må vi få rose våre samarbeidspartnarar på tv-skulen som har planen klar dersom noko skulle skjere seg.