Gå til sidens hovedinnhold

Sel satsar på å etablere nye arbeidsplassar, men gløymer det viktigaste

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«Utviklingskommunen» Sel satsar på å etablere nye arbeidsplassar, men gløymer det viktigaste.

Det har i det siste vore mykje støy knytt til Heidal skule. Tysdag 10. november føreslo kommuneadministrasjonen i si budsjettplan å leggje ned Heidal ungdomsskule. Sidan har det vore snakk om å sjå på moglegheita for ei fådelt løysing for heile skulen. Det er viktig for oss som ungdomsparti å seie kva vi meiner om denne saka og om korleis den har vorte handtert. Sel og Heidal Senterungdom er sterkt imot både framlegget om nedlegging, og alternativet med fådelt løysing.

Heidal barne- og ungdomsskule er ein moderne og veldriven skule med gode resultat fagleg, og med tanke på trivsel. Skulen har i dag 117 elevar frå 6–16 år og har flotte uteareal på alle kantar som tilfredsstiller alle behov ein aktiv skule kan drøyme om. Vi ser difor med undring på forslaga som har komne opp den siste månaden.

Dei tilsette ved Heidal Skule har vore samstemde og tydlege i debatten som no har gått føre seg. Dei har no i to skuleår prøvd ut ordningar der dei har hatt to årskull i same klasse. Dette opplever dei som krevjande og ikkje ei ideell løysing! Ein har og belegg frå Sel kommune og andre kommunar der permanent fådeling har vorte innført, til å seie at dette berre er eit skritt på vegen til nedlegging. Det er skremmande å tenkje på dei avstandane det her er snakk om. Ved eit kjapt googlesøk finn ein ut at dei som bur øvst i Heidal vil få ei skulerute som er estimert til nesten ein time, ein veg med personbil. Dette vil openbert ta mykje lenger tid med ein skulebuss som generelt held ein låg fart, samstundes som han heile tida må stoppe opp for elevar på/av.

Sel og Heidal Senterungdom er skeptisk til at dette blir presentert som eit innsparingstiltak. Det er klart at det blir billegare på kort sikt, men på lengre sikt vil denne saka stå som eit fugleskremsel for utflytte heidølar og andre innflyttarar som vurderer å flytte tilbake å etablere familie. Med desse forslaga vil Heidal bli aftenlandet prega av forgubbing og attgrodde enger.

Vi vil og rette kritikk mot måten denne saka har vorte handtert av kommunepolitikarane. Det er i skrivande stund knytt usikkerheit til kva som blir utfallet i denne saka. Det meiner vi er alvorleg då dette er ein sikker arbeidsplass i bygda, og på mange måtar eit død/liv spørsmål for Heidal.

Levande bygder treg ein god barne- og ungdomsskule. Dersom ein tek gode avgjersler no som styrkar skulen inn i framtida, har ein eit grunnlag for å klare å snu den negative folketalsutviklinga i kommunen. Utan ein så viktig institusjon for ei bygd som utgjer 1/3 av folketalet i kommunen, kan ein berre kaste heile omstillingsplana og arbeidet med å erstatte tapte arbeidsplassar på elva, å førebu seg på å bli ein høgborg for pensjonistar på aldersheimar!

Semon Harerusten (16), Ola Viken (16), leiar og nestleiar i Sel og Heidal Senterungdom, Heidal