Senterpartiet vil gjera folk trygge

POLITI: Når brannvesenet må vera politi, legevaktordninga ikkje fungerer, politiet ikkje er til stades for å forebygge og skape tryggleik, har vi eit samfunn med manglande infrastruktur og beredskap. Det er skremmande at landet styrast utan vilja til å lytte og utan evna til å korrigere for ein feilslått politikk, skriv Marianne Skotte og Asbjørn Stensrud (Sp).

POLITI: Når brannvesenet må vera politi, legevaktordninga ikkje fungerer, politiet ikkje er til stades for å forebygge og skape tryggleik, har vi eit samfunn med manglande infrastruktur og beredskap. Det er skremmande at landet styrast utan vilja til å lytte og utan evna til å korrigere for ein feilslått politikk, skriv Marianne Skotte og Asbjørn Stensrud (Sp).

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I eit lesarinnlegg i Nettavisen den 6. januar i år hevdar Fabian Stang (H) at politikken til Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet er farleg. Stang, som har vore statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet i Solbergregjeringa, påstår at tenester nær folk er utrygt og at lokalsjukehus ikkje har fagmiljø. Vidare påstår han at mindre kommunar har dårlegare utgangspunkt for god beredskap.

Gjennom dette lesarinnlegget avdekker Fabian Stang, som resten av regjeringa, ei manglande vilje til å forstå kva det vil si å ta vare på innbyggarar i heile Norge. For Senterpartiet er det grunnleggande å leggje til rette for busetting i heile landet. Da må ein og ha vilje til å investere i at folk skal vera trygge på at dei får hjelp når dei har behov for det. Etter snart 8 år med ei Høgrestyrd regjering opplever folk at dei ikkje får det. Folk blir utrygge og engstelege, og det gjer at dei som skal gjera jobben frustrerte. Det er klart at det er fortvila å ikkje ha ressursar og nødvendige verktøy til å få gjort jobben du skal gjera.

God beredskap har alltid ei lokal forankring. Skal du ha god beredskap må du ha folk som har lokalkunnskap om det dei skal ha beredskap for. I situasjonar der vi båe har vore kriseleiarar, har vi sett kor viktig det er med lokalkunnskap for å få oversikt og kontroll over situasjonen fortast råd. Da krevst det at dei ressursane som skal handtere krisene, er til stades over heile landet. For Senterpartiet er det ei føresetnad at kommunar, nødetatar og andre statlege etatar har økonomiske resursar til å løyse desse oppgåvene i heile landet. Det gjeld både personell, materiell, kompetanse og myndigheit. Eit gjennomgåande problem for beredskapsetatane er at løyvingane til administrasjonsleddet aukar, medan løyvingane til det ytre leddet blir redusert. Senterpartiet meiner at det er heilt avgjerande at ein større del av ressursane går til det operative leddet i beredskapssektorane.

Fabian Stang er heilt sikkert ein triveleg kar, men politikken som han og regjeringa fører fungerer ikkje. Når brannvesenet må vera politi, legevaktordninga ikkje fungerer, politiet ikkje er til stades for å førebyggje og skape tryggleik, har vi eit samfunn med manglande infrastruktur og beredskap. Det er skremmande at landet styrast utan vilja til å lytte og utan evna til å korrigere for ein feilslått politikk. Senterpartiet har aldri – og kjem aldri til å føre ein politikk som er farleg for folk. Vi får berre håpe at dette innlegget var eit eingongstilfelle frå Høgre, og at dei inn mot valet framsett eigen politikk utan å måtte drive med usannheitar. Norge fortener politikarar som omtalar kvarandre med respekt.

Mariann Skotte, ordførar i Lesja kommune (Sp)
Asbjørn Stensrud, listekandidat Stortingsvalget 2021 Oppland (Sp)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags