Gå til sidens hovedinnhold

Fyrste mjølkebilen på 55 år

Artikkelen er over 4 år gammel

Sist gong det vart henta mjølk på Nysetra i Vestre Gausdal var i 1962. Tysdag kom bilen innom att og tappa 740 liter fersk kumjølk.

GAUSDAL: – Det skulle ha vore fleire slike! Det blir jo stadig færre setrar, men det er utruleg artig å kome innom her og sjå at nokon satsar. Eg køyrer så lenge bilen kjem nokolunde fram, seier mjølkebilsjåfør Pål Aril Olsen.

Restaurerte setra

Tysdag var han innom Nysetra i Vestre Gausdal og tappemaskina stoppa på 740 liter. Tre gongar i løpet av veka kjem han hit for å hente mjølk.

Ved sidan av sjåføren står gardbrukarane Olav Terje Kleiven frå Gausdal og Pål Johnsrud frå Brumunddal. Kleiven er eigar, mens Johnsrud har fått lov til å leige setra i fire veker i sommar til sine 16 mjølkekyr. Med på lasset er kona og tre ungar.

– Etter at setra forfalle bestemte eg meg for å restaurere den igjen. Eg har fått noko tilskot, men dei er meir som ein dytt i ryggen. Eg tykkjer berre det er morosamt at det er liv igjen på setra og at vi kan bidra med å ta vare på det unike seterlandskapet vi har i Gausdal Vestfjell, seier Kleiven.

– Tviler på at trenden snus

Da Kleiven vart klar over at Johnsrud såg etter ein plass å vere på sommaren med kyrne tok han ein telefon til brumunddølen og det tok ikkje lang tid før avtalen var i boks.

– Grunnen til at eg er her er fordi eg ikkje har seter sjølv på garden Skarpnord. For kyrne er det ei etterlengta forandring, og her kan dei beite fritt og kose seg, seier brumunddølen.

 

Han synest det er for få setrar som driv med mjølkeproduksjon. Men han veit at det krevst store investeringar for å drive med kyr.

- Men eg veit ikkje om det går an å snu trenden. Det einaste som kan snu utviklinga i næringa er at fleire får opp auga kor bra det kan vere å jobbe som bonde og vere mykje ute. Det er mykje arbeid, men å vere her med mjølkekyrne i fire veker i dette fine vêret, er berre heilt magisk, seier Johnsrud.

Frå 100.000 setrar til 900

Tidlegare i juli skreiv GD om at talet på setrar i bruk har gått ned frå 100.000 setrar ved inngangen til 1900-talet, til 900 i dag.

Tala kjem fram i ein rapport frå Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBOR).

 

- Det er ei trist utvikling, men når det gjeld denne historia må eg gje ei stor takk til Olav Terje som har teke tak og restaurert setra. Han har gjort eit formidabelt arbeid, og han får gjort det han seier han skal gjere.

Seterlandskap

Seterdrifta fører ikkje berre til mjølkeproduksjon. Den formar landskapet rundt setra også.

– I tillegg til at det er liv på setra igjen, bidreg også kyrne til å beite ned områda rundt setra slik at det ikkje gror igjen. Eit slikt seterlandskap er noko Norge reklamerer med i utlandet. Å reise opp hit og sjå på kyr som beiter i utmarka er noko av det aller beste Norge kan by på av turisme. Det er synd dersom utviklinga fortsett med at det blir stadig færre setrar, seier Trond Klaape, leiar i Gausdal bonde- og småbrukarlag.

Les også

Siste kua i Langsua