27 år gamle Simen Rudiløkken er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Vigga. Dovringen har arbeidd i lokalavisa Vigga sidan han starta som frilansar i 2017, og har det siste halvåret vore tilsett som redaksjonssjef.

– Sidan eg byrja i Vigga har avisa hatt god framgang, både på papir og digitalt. Slik skal vi halde fram, seier Simen, som ynskjer at Vigga skal bli ein synleg, god aktør i lokalsamfunna i Dovre og Lesja.

Han har ein bachelorgrad i mediavitenskap frå NTNU i Trondheim.

– Sidan eg byrja i Vigga har avisa hatt god framgang, både på papir og digitalt. Slik skal vi halde fram, seier Simen, som ynskjer at Vigga skal bli ein synleg, god aktør i lokalsamfunna i Dovre og Lesja, og at lesarane skal finne Vigga som sitt fyrsteval når det gjeld å fortelje historiene sine.

Styreleiar i Vigga AS, Asta Brimi, er glad for at Simen Rudiløkken takka ja til stillinga som redaktør og dagleg leiar i Vigga.

– Simen er arbeidsam, dyktig og ein god representant for Vigga i lokalsamfunnet. Eg er viss på at han vil ta avisa vidare i den digitale utviklinga, og samstundes gje ut ei god og innhaldsrik papiravis, seier Asta Brimi.