Det er Riksantikvaren, på vegner av staten, som har gjeve til saman 70 millionar kroner til sikring og vedlikehald.
Pengane skal anten brukast til utbetring og utskifting av elektriske anlegg, eller til sikring det dei kallar klimaskal. Det vil seie tak, takrenner, beslag, ytterveggar, vindauge og dører som er særleg utsett for klimapåverknad.
– Det er viktig for meg å kunne sikre dei gamle kyrkjene våre. Som kulturminne står dei i ei særstilling i Noreg, seier tru- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad frå Kristeleg folkeparti i ei pressemelding.
Ein god del av kronene går til kyrkjer i Gudbrandsdalen, sjå oversikta her:
Desse har fått pengar til klimasikring av kyrkjer:
Kvikne kyrkje i Nord-Fron: 900.000 kroner
Skjåk kyrkje: 336.000 kroner
Ringsaker kirke: 900.000
Østre Gausdal kirke: 549.000 kroner
Øyer kirke: 730.800 kroner
Desse har fått pengar til utskifting av elektrisk anlegg:
Lesjaskog kyrkje: 72.000 kroner
Øyer kirke: 300.000 kroner
Ringsaker kirke: 300.000 kroner