- Sidan det ikkje vart nokon landsfestival på Fron i år, bestemte vi i Vågå trekkspelklubb oss for å heller lage tidenes straumekonsert! Dette for å markere at det er eitt år til landsfestivalen i bygda vår, og det er nøyaktig eitt år til meisterkonserten, som er den avsluttande konserten under alle kappleikar og landsfestivalar, seier Tonje-Eilin Løkken i Vågå trekkspellklubb.

140 aktørar frå Gudbrandsdalen er samla, blant dei er gammaldansorkester som Jutullaget, Lendmenn og Grindstuen og Midtlis. Spelmannslag frå Sør-Fron i sør til Lom i nord, og mange fleire gnistrande gode spelemenn – og kvinner frå dalen.

Mari Midtli og Hans Andreas Solbakken er programleiarar. Konserten kan sjåast av alle på gd.no, den blir ikkje lagt bak betalingsmur.