Sjølvransaking er ein god eigenskap, også for politikarar

ANSETTELSER: Regionsjefen rettar deretter ein kritisk peikefinger mot media, som etter hans syn har framstilt saka heilt feil. Denne saka er på ingen måte grei. Media har berre gjort jobben sin, skriv Simen Bjørgen

ANSETTELSER: Regionsjefen rettar deretter ein kritisk peikefinger mot media, som etter hans syn har framstilt saka heilt feil. Denne saka er på ingen måte grei. Media har berre gjort jobben sin, skriv Simen Bjørgen Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Innlandet Revisjon har no behandla spørsmålet om kameraderi og korrupsjon ved tilsetjinga i ei regional prosjektstilling i Norddalen. I GD kan vi lese at politikarane i regionrådet, nesten hoverer over konklusjonen. Kommentarane mot kontrollutvalet i Vågå er både ilske og hatske. Det heile skal være eit «skrekkens» eksempel.

I Norddalen er det no berre ein handfull lokalpolitikarar som meiner at denne saka er grei. Dei fleste andre har forstått at det er fleire problematiske sider ved slike offentlege tilsetjingar. Små forhold, der alle kjenner alle, gjer det ikkje enklare.

Regionrådet tilsette ny regionsjef, heilt utan offentleg utlysing og konkurranse. Dette er ei av dei viktigaste offentlege leiarstillingane i heile regionen. Tilsetjinga skjer stikk i strid med alle formkrav om framgangsmåte i rekruttering av leiarar til offentleg sektor. Det hjelp lite at regionkontoret har dårleg økonomi, når denne framgangsmåten mest sannsynleg er lovstridig. Kort tid etterpå er regionrådsleiaren tilsett i ei prosjektstilling av den nytilsette regionsjefen, etter innstilling blant anna frå kommunedirektøren i Vågå. Det er dette som ikkje ser bra ut. Eg vert enda meir sikker på at dette ikkje er bra når eg ser dei uforsonlege utfalla enkelte av politikarane framfører mot alle som vågar å stille spørsmål ved prosessen.

Det er ikkje slik ein skapar engasjement og mobiliserer gode krefter til felles innsats.

Innlandet Revisjon konkluderer med at skuldingane om korrupsjon som var sett fram var grunnlause. Takk og pris for det. Regionsjefen rettar deretter, oppildna av revisjonsselskapets konklusjon, ein kritisk peikefinger mot media, som etter hans syn har framstilt saka heilt feil.

Denne saka er på ingen måte grei. Media har berre gjort jobben sin.

Etikk eller morallære er viktig i politikken. Normer og prinsipp for kva handlingar som er rett eller feil, som ikkje er nedfelt i lover og forskrifter. For dei folkevalde handlar dette som regel om alminneleg gangsyn og vurderingsevne.Demokratiets legitimitet er tufta på frie, opne og rettferdige avgjerder. Vi må alle kunne ha tillit til dei folkevalde. Politikarane er heilt avhengige av tillit. Låg tillit til politikarane har også negativ effekt på tilliten til dei offentlege institusjonane i regionen.

Sjølvransaking er ein god eigenskap, også for politikarar. Evna til å vurdere om ting kunne vore løyst på ein annan måte, er noko ein kan lære av. Politikarar og rådmenn som sit i maktposisjonar har lang tradisjon i å kritisere kontrollutval, som dei som regel er misstilfredse med. Dette er berre eit prov på at kontrollutvala gjer jobben sin.Kontrollutvalet fyller ei viktig demokratisk rolle. Dette er ein reiskap for innsyn og kontroll av alle sider ved kommunane si verksemd. Kontrollutvalet må sjekka at kommunen fylgjer regelverket og at verksemda er effektiv, målretta og etisk til det beste for innbyggjarane.

Denne saka kan brukast i framtidig opplæring som eit døme på det motsette.

Simen Bjørgen, Lom

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags