Gå til sidens hovedinnhold

Skimtar vi ein soloppgang i Aftenlandet?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Fredag 12. 3. kom pressemeldinga om at Gudbrandsdalen Slakteri nå blir realisert med byggjestart i sumar.

Dette er ei svært gledeleg nyheit og ikkje minst ei tverrpolitisk bragd. Dette viser at våre lokalpolitikarar klarer å samarbeide på tvers av parti- og kommunegrenser, og oppnå resultat. Å sjå ordførar i Sel (SP), gruppeleiar i AP og ordførar i Vågå (BL) godt foreina over ei blautkake i regionsavisa, er ikkje berre vel fortent, men og eit bilete på handlekraftig samarbeid. Det har mildt sagt ikkje alltid vore slik, og ein kan kanskje vere så optimistisk og omtala dette som eit vendepunkt. Her bør verkeleg lokalpolitikarane og dei andre engasjerte få honnør. Kanskje står vi ovanfor ein ny generasjon politikarar som legg bort kulturell, geografisk og partibakgrunn, og ser eit større bilete. Dette er noko ein er heilt nøydd om å vidareføre.

Det har slått meg at vi i Norddalen har ein tendens til å sjå halvtomme glas framfor halvfulle. Samanlikna med små lokalsamfunn på Vestlandet, Trøndelag osb. har ein her hatt noko mindre gründerverksemd, innovasjon og utvikling. Det at det til tider har vore skrint med bustader på marknaden her, er eit døme på dette, eit problem ordførar i Vågå adresserer i GD 13, januar, som ei vidareføring av slakterisatsinga. Men her kan Gudbrandsdalen Slakteri for ettertida tene som eit døme på der dette snudde. Viss ein framover kjem seg «frampå», kan ein snu ein negativ spiral til eit blomstrande næringsliv.

Dersom ein ser dette i samanheng med Sel sin overgang til omstillingskommune, kan ein verkeleg bli optimistisk. Her har ein berre på nokre månadar sett at unge, lokale har satsa innan helse, bygg/anlegg, foredling og reiseliv, samstundes som allereie eksisterande bedrifter har vidareutvikla seg og satsa. Lokalt engasjement for å motverke den negative befolkningsutviklinga, er og eit positivt element som har prega det lokale mediebilete den siste tida. Her må Heidal Framtidslag trekkjast fram med deira satsing på prosjektet «fløtt heimatt».

Dersom ein ser alt dette under eitt, kan ein kanskje evne å sjå eit ljos som det har vore vanskeleg å skimte på ei stund. Dette er nødvendig. Dei siste 20–30 åra har hatt ei demografisk utvikling i disfavør av vår flekk i kongeriket. Dette kan ein med tanke på Gudbrandsdal Slakteri og omstillingskommuneprosjektet tenkje at er på veg til å snu. No må berre fleire spele vidare på den gode stemninga som nett no pregar Nord-Gudbrandsdalen, og satse, ta risiko og utvikle slik at vår region har livet sin rett i møte med dei komande tiåra sine utfordringar.

Semon Harerusten, leiar i Sel & Heidal senterungdom
Syver Harerusten, NTNU-student, Heidal