Gå til sidens hovedinnhold

Skjønner ikkje folkevalde i Sør-Fron alvoret?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Det er grunn til å stille dette spørsmålet etter siste kommunestyremøte der temaet var ny skulestruktur. Dette var eit informasjonsmøte der representantane kunne stille spørsmål til administrasjonen og koma med ytringar i tilknytning til planane. Og det gjorde dei til gangs.

Det står mellom to alternativ: 1. Samle alle elevane i kommunen i ein 1 -10 skule ved ungdomsskulen på Harpefoss. Byggekostnader 122,9 mill. kr. 2. Samle alle elevane på barnetrinnet i ein ny skule på Hundorp og ungdomskulen fortsett som i dag. Prislapp 173,1 mill. kr. Samanlikna med dagens skuledrift i Sør-Fron, vil alt.1 gi ei innsparing på rundt 10 mill. årleg, mens det tilsvarande talet for alt. 2 er rundt 5 mill. Dersom den sterke prisauken på byggevarer vedvarer, vil truleg forskjellen i byggekostnader mellom dei to alternativa bli enda større.

Tala over talar sitt tydelege språk. Økonomisk er det beste alternativet å satse på ein 1-10 skule på Harpefoss, for det er økonomi dette i stor grad handlar om. Kommunen har fått kniven på strupen. Dersom ikkje driftskostnadene blir skore kraftig ned dei næraste åra, kan kommunen bli sett under adminstrasjon. Det inneber i praksis konkurs, og statsforvaltaren overtek styringa. Den store økonomiske utfordringa for Sør-Fron, som for mange andre kommunar, er eldrebølgja som kjem for fullt om få år.

Det kan sjå ut til at mange av dei folkevalde ikkje tek dette innover seg. På kommunestyremøtet, gjekk mange representantar, særleg frå AP og H, til stormangrep på planen om 1-10 skule på Harpefoss. Dei meinte blant anna at byggjekostnadene kunne bli langt høgare fordi det er ein del gammal bygningsmasse der som må rivast. Til det er det å seia at ein av desse bygningane forlengst er vedtatt skal rivast. Det kan kanskje også vera verdt å minne om at det skjer nokså ofte at budsjettet for nye bygg sprekk dugeleg. Men det er likevel dei årlege driftskostnadene som er viktigast. Og da kjem alternativet på ungdomskulen best ut. På 10 år vil kommunen spara rundt 50 mill.kr meir på 1-10 skule enn alternativet med ein ny barneskule.

Eg synest det er rett og viktig å stille kritiske spørsmål i ei så stor og viktig sak, men det blir lite truverdig når det stort sett er det eine alternativet som får negativt søkelys på seg, mens det andre blir «framsnakka». Eg synest også det er over streken når enkelte representantar trekkjer i tvil delar av utgreiinga WSP Norge A/S har laga – eitt av dei fremste selskapa på dette området, og som kommunestyret har vedtatt å gi oppdraget til. Såvidt eg har skjønt, har adminstrasjonen tiltru til utgreiinga.

Det er også ei anna side ved saka som det er viktig å ha med seg når det gjeld ungdomsskulen. Det er det synkande elevtalet. Om få år vil det nærme seg 70 om det ikkje blir 1-10 skule. Det vil gjera det vanskeleg og oppretthalde eit fullgodt fagleg tilbod. Kommentaren frå leinga ved skulen, gir eit svært godt innblikk i den sida av saka.

Etter ei samla vurdering meiner Bygdalista det er ein 1-10 skule som er den beste løysinga. Eit forslag om å samle ungdomstrinnet i dei to Fronskommunane er spennande, men spørsmålet er om det er tid til å utgreie dette nå om det skulle vera vilje til det.

Odd Midtlin, leiar i Sør-Fron Bygdaliste