Hogsten opp 30 prosent

Meir av dette: Talet på eigedomar med tømmer for sal er nesten halvert, men dei små står for mykje av auken i hogsten.

Meir av dette: Talet på eigedomar med tømmer for sal er nesten halvert, men dei små står for mykje av auken i hogsten.

Artikkelen er over 2 år gammel

Samanlikna med for 20 år sidan har den årlege hogsten vore 30 prosent større dei siste åra. Hedmark står for ein tredjedel av auken i hogstkvantumet i perioden.

DEL

Frå 1996 til 2015 auka gjennomsnittleg årleg hogstkvantum for eigedomar med salsavverking frå 300 til over 700 kubikkmeter. I den same perioden har talet på skogeigedomar som sel tømmer til industrien, gått ned frå 26 000 til 14 000 i året.

I 2015 utgjorde desse 14 000 ein dryg tiandepart av skogeigedomane i alt, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

På dei minste skogeigedomane har den årlege gjennomsnittshogsten meir enn tredobla seg frå 1996. Trass i at talet på små skogeigedomar som har levert tømmer for sal, er halvert på desse 20 åra, aukar hogstkvantumet mest for denne gruppa.

Hogstkvantumet målt i prosent har auka mest i vestlandsfylka.

Men det er Hedmark som er skogfylke nummer ein. Frå 1996 til 2015 har årleg hogstkvantum auka med over 50 prosent i landets største skogfylke.

Artikkeltags