Russaren skulle erobre,
gjort i ei vending, over natta;
helst ville han skremme,
ved at veslebror hadde fatta.

Avstå bruk av fysisk makt,
heller utøve eit anna trykk;
Om ingen ville lystre,
kom åtaket i eit rykk.

Enda i ei hengemyr,
med seige, lange steg.
Snarleg, visstnok løysing,
nye troppar atter på veg.

David kjempar godt i mot,
har ei eiga leiestjerne;
Goliat, smått ned for fot,
motstandar vanskeleg fjerne.

Blitt ein stillingskrig,
knapt med reine, blanke våpen,
meiar ned dei små og svake,
Putin kjempar under elddåpen.

Hans Sandviken, Vinstra