Det ser mørkt ut for skulen på Lalm. Det er synd, for dei små skulane har mange innbygde kvalitetar. Det er nødvendig med ein annan type planlegging av lærarane enn ved ein fulldelt skule.

Da eg som ung lærar kom til Vågå først på 1960-talet, søkte eg stilling på ein fådelt skule, Skogbygda, for eg såg mange fordelar. No ser eg at AP meiner dei har vore forkjempar for Lalm-skulen. Da trur eg dei har vorte utmanøvrerte av dei som lenge har meint at denne skulen må leggjast ned. Det skjedde da det vart vedteke å fjerne kretsgrensene.

Somme foreldre meiner at skulen i Vågåmo er betre, og da blir det færre elevar på Lalm. Dette kjem i tillegg til ei utvikling med færre fødslar.

Ivar Schjølberg, Vågå