Skulesak  ikkje valkamp i Dovre?

Sp vil slå saman Dovre-skulane.

Sp vil slå saman Dovre-skulane. Foto:

Av
DEL

lesainnlegg Dovre Ap annonserte sitt standpunkt tidleg for at skulestruktur ikkje skulle vere valkamp, da vart skulesaka ein del av valkampen. Sjølvsagt er det valkamp! Og i valkamp kan alle politikarar ytre seg.

Folk som bur i Dovre vil vite kva som er tenkt,- fordi dette har med folk sin kvardag å gjere. Kvardagen til kvar enkelt familie må gå i hop. Ved å vera tydeleg, framtidsretta og ville ta ansvar, ja så betyr det noko for folk.

I Dovre som andre innlandskommune går folketalet ned. Fleire eldre og færre barn. I Dovre er 92 færre born i skulepliktig alder nå enn for ni år sidan. Fleire eldre vil trenge helse-omsorgstenester framover, og midlane vi rår over må ein dele på ein annan måte. Samarbeid med andre kommunar må utviklast vidare, og kost-nytte prinsippet må leggjast til grunn. Sal av eigedomar er jamleg vurdert og eige/leige blir sett på. Dette er ikkje nok og vi må og sjå på organisering og tenestetilbod.

Vi har i dag 3 gode små skular med elevtal på 56, 96 og 80. Klassane er små, og sjølv ved samling av barneskulane er nokre klasser relativt små. Senterpartiet ser til ei retning. Vi ynskjer å samla til ein barneskule på Dombås, og med det samle ressursane. Ein skule for å få optimale gode og like tenester for ungane. Vi ynskjer gode læringsmiljø, sosiale vekstvilkår og relasjonsbygging. Stutt sagt ein skule som legg eit grunnlag for ei god framtid for ungane.

Skulesaka i Dovre har vore jobba med over tid. Utvalsarbeid, administrativt, med høyring, grendemøte og med høve til innspel frå innbyggarane. Innspela er sett på, og Sp har og utfordra eigen administrasjon med ytterlegare spørsmål som vi har ønskt utdjupa. Vi har fått svar på det meste, og meiner vi har eit godt grunnlag. Vi registrerer at Dovrelista som er mest kritisk til prosessen har valt å stille seg på utsida.

Det er jobba mykje for å finne gode løysingar. Vi meiner ei god SFO- og transportordning kan vera eit godt tiltak. Ein samla SFO frigjer midlar som kan nyttast til å dekkje transportutgifter frå Dovreskogen-Dovre-Dombås. Dette vil kunne lette kvardagen til småbarnsforeldre. Mindre køyring til og frå SFO, og ungane er på ein stad.

Vi må og sjå på og vidareutvikle SFO-innhaldet. Eit tomt bygg kan nyttast til mykje, og god utnytting kan gje vidareutvikling. Distriktssenteret vil vere med å sjå på etterbruk i samarbeid med kommunen og andre samarbeidspartar. Vi må og å sjå til andre kommunar.

Sjølv om ein skule blir lagt, ned har vi desentraliserte tenester; sjukeheimen, kyrkjekontoret, barnehagen og kommuneadministrasjonen. Fleire private bedrifter og gardsbruk gjer at det faktisk er her dei fleste arbeidsplassane i bygda er. Eg har følgd valdebatten i Dovre, og undrar over Ap sin ordførarkandidat som argumenterer mot sine eigne i skulesaka. Fleire med meg sit att med spørsmålet; kva er det Ap eigentleg meiner?

Sp står oppreist i nok ein utfordrande prosess og vi har trua på å finne ei god løysing. Godt val!

Oddny Garmo, ordførar (Sp) i Dovre


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags