Kven vil ikkje ha minst mogleg stress om morgonen, kort og trygg skuleveg for ungane og ein roleg harmonisk ettermiddag? At ungane skal kunna gå til skulen. Kjenna tilknyting i nærmiljøet sitt. Gå på den skulen du hadde sett for deg da du busette deg akkurat der. Kven vil ikkje unngå at naboar, klassekameratar og gode venner skal bli splitta av nye skulekretsgrenser? Alle vil kjempa for sin eigen nærskule! På ulike grunnlag. Det skulle da berre mangla! Men me bør ikkje kjempa mot kvarandre.

Sjølvsagt trengst det ein ny skule på Søre Ål, og Skogenhallen må rivast og erstattast. Søre Ål bydel er eit populært område, det er mykje utbygging og stor vekst! Dei har eit godt, aktivt idrettslag, og Engesvea aktivitetspark byr på masse mulighetar. Det same gjeld Vingarparken og Vingar IL. På Vingnes er det òg mange nye bueiningar under planlegging og utbygging, einebustadar blir seld raskt, det er eit attraktivt område for barnefamiliar, og det skjer eit generasjonsskifte. Men dette er jo ikkje noko konkurranse.

Lillehammer er ein by i utvikling. Det betyr endringar. Det er dette det handlar om. Kva ønsker Lillehammer kommune for framtida? Kva by vil me innbyggarar ha? Det er sagt at alle steinar skal snus, og det betyr opne mulighetar. Det går ikkje an å flytta rundt på elevar litt hit og dit for å utnytta ledig kapasitet. Det er for dårleg. Og kortsiktig. Me kan ikkje krangla om kva bygg som har dårlegast tilstand, kven som har venta lengst og kva som burde ha vore gjort for mange år sidan. Me må sjå framover.

Mange elevar tek buss til skulen. Eg er ikkje så oppteken av kor mange kilometer det er mellom skulane her. Eg er oppteken av at me skal koma fram til godt gjennomtenkte, og heilhetlige løysingar. Eg har ikkje tenkt å ropa «bevar Vingar skule, elles dør Vingnes». Vingnes er jo eit attraktivt satsingsområde! Skulen er god. Elevundersøkingar viser trivsel. Det er ein bydel som tiltrekker seg barnefamiliar, og har mykje å by på. Med utbygging og omlegging av E6 vil området stå fram som enda meir attraktivt, og Vingnesvika vil bli ei perle. Dette står også fleire stader i kommuneplanens arealdel, og i kommunedelplanen; Byplanen.

Det må engasjerte innbyggarar til for å komma til gode løysingar. Men me kan ikkje kjempa mot kvarandre. Og her har me alle eit ansvar for å bidra. Me har jo det same målet; eit godt skuletilbod i gode lokale, for alle ungar og ungdommar i byen vår. Og i den totalen har Vingar så absolutt ein plass.

Mari Hille Havstad, Vingnes