Slå eit slag for båndtvangen!

Borgny Sletten har mista ei søye som vart tatt av hund. Ho er fortvila over alle dei lause hundane som får lov av eigarane til å flyge fritt.

Borgny Sletten har mista ei søye som vart tatt av hund. Ho er fortvila over alle dei lause hundane som får lov av eigarane til å flyge fritt. Foto:

Av
DEL

MeningerVaknar ein tidleg laurdagsmorgon av at det regnar. Fyrste eg tenkjer på er at da blir det tryggare å vera beitedyr i fjellet i dag.

Innbiller meg at desse folka med lause hundar ikkje er på tur i regn. Desse snille hundane som dei har så kontroll på.

Førre veke fant vi ei søye som var drepen av ein slik snill hund, i går plukka eg opp ein laus hund i vegen ved same hytta som den hunden som drep søya mi kom i frå...

Kommentaren frå eigaren var at denne flyg ikkje etter sau!

Jo det gjer den.

Hundane har instinkt, eigarane har ansvaret for at dei ikkje får brukt det.

Det treng ikkje vera stor hund, dei små kan og fluge i hjel sau. Sprengje den som vi seier. Som gardbrukar med beitedyr i Sødorpfjellet har eg nå nådd ei grense for kva eg orkar vera vitne til.

Unnskyldingane er mange.

Hunden har ferie og må få fluge fritt. Hunden likar ikkje band. «Vi har akkurat kommet» - difor flyg hunden rundt bilen laus.....

På ein tur i fjellet møtte ein kollega av meg 5 (!!) hundeeigarar med laus hund... Alle vart prata til og minna om båndtvang.

Det er ikkje berre beitedyr og ville dyr som lir av at folk ikkje held hundane i band. Mange er redd hundar, og dei som har hundane sine i band, slit når dei møter lause hundar.

Lat oss alle ta ein dugnad for båndtvangen!

Si i frå når du møter folk i fjellet med laus hund! I Nord-Fron har vi og utvida båndtvang, så i heile haust gjeld den!

Slå ei slag for båndtvang!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags