Gå til sidens hovedinnhold

Slakteridiskusjonen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Det er harde frontar om slakteriplanane i Gudbrandsdalen. B. Flittie får i dag stor spalteplass på utheva farga bakgrunn med forsvar for Nortura, sjølv om han framleis er usamd i nedlegginga på Otta. Eg har stor respekt for dei som starta eit samvirke i 1930 åra, men vi er i 2020 nå.

Flittie hevdar at Nortura i mange høve må hente enkeltdyr der dei private ikkje vil. Her i området har eg høyrt det motsette, td at Nortura ikkje har henta kopplam ei viss periode. Vi har opplevd at det private slakteri vi leverer til, har henta eitt enkelt dyr. Grunnen til at vi leverer dit, er m.a. det eg kjem til å gjenta til det keisame, at Nortura ikkje ville ha oss med. Som nystarta småbrukarar hadde vi ikkje råd til å støtte Nortura med 12000 kr.

Ei anna myte eg gjerne vil avlive, er at dei «private hentar berre hos store leverandørar nær vegen». Det var argumenta eg m.a. fekk høyre, da dotter vår for nokre år sia vart tilsett på Q-meieriet. Det var ikkje måte på kva kritikk vi fekk for at «vi» kunne svikte samvirke.

Men når samvirke sviktar oss? Når sterke krefter nå arbeider hardt for at Gudbrandsdal slakteri aldri skal sjå dagens ljos? Når ungdom som har gått fleire år på høgskule for landbruk, har store problem med å finne seg eit relevant arbeid i Gudbrandsdalen? Når det er mangel på arbeidsplassar og forgubbing i kvar ei grend kring oss? Når det er kjempestor interesse for norsk, lokal mat, miljø og dyrevelferd? Når det er mangel på ymse kjøttslag, og fleire blir medvitne om td antibiotikabruken på dyr i utlandet?

Da kling det ikkje godt i mine øyrer, at dyr frå nørdst på Lesja må til Rudshøgda på si siste reise, eller at dei på svingete vegar over fjell og dalar må heilt til Førde. Men kanskje er det andre ting enn å ta hand om våre eigne ressursar vi skal leve av? Arrangere skirenn på barmark med levert kunstsnø kanskje? Bra for både miljø og kommunekasser det sikkert.

Det ser i alle fall ut som GD er like skeptiske som dei stolte Norturabøndene til eit nytt slakteri i dalen. Dei leverandørane Nortura mista ved nedlegginga av Ottaavdelinga, kjem neppe attende. Men da får vi kanskje fleire reportasjar om langtransport, og grisgrendte, folketomme grender Kanskje blir det til og med fortgang i vegutbygginga ... vi må jo få frakta både råvarene våre og arbeidsfolket fortast mogleg vekk!

Fride Gunn Rudi, Ringebu