Gå til sidens hovedinnhold

Sløyf rasisme

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Vi seier ofte at det beste ved å bu i Noreg er fridomen vi har. Men, er det like fritt for alle? Det mangfaldet mange av oss ser på som ein styrke må vi ikkje ta for gitt, men kjempe for kvar dag.

I Noreg er diskriminering forbode, og det gjeld all handsaming av forskjellar, uansett hudfarge, kvar ein kjem frå, språk, religion, kjønn eller andre personlege kjenneteikn. Trass dette, vert særleg minoritetsgrupper utsette for diskriminering, Samstundes er det forslag frå det tidlegare regjeringspartiet, Frp, om å skrote rasismeparagrafen.

SV-laga i Gudbrandsdalen og Lillehammer ønskjer eit samfunn der alle skal handsamast likeverdig. Det forutset å inkludere alle dei som opplever å stå utanfor fellesskapet. Vi ser at rasisme og diskriminering breier om seg. Det er ein trussel mot demokratiet. Det er nok å nemne terrorangrepa på Utøya og mot Al-Noor moskeen i Bærum. For nokre månader sidan aksjonerte nynazistar frå Den nordiske motstandsbevegelsen utanfor ei synagoge i Oslo, samstundes som det var markering av den jødiske heilagdagen jom kippur.

Etter at SV foreslo ein handlingsplan mot islamofobi og muslimfiendskap i 2019, la statsministeren fram ein handlingsplan mot diskriminering og hat retta mot muslimar den 23. september i fjor. Vi ser det som positivt at regjeringa lytter til dei organisasjonane og menneska som i lang tid har bede om tiltak mot diskrimineringa som mange muslimar opplever. Det fins allereie handlingsplanar mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion, og ein særleg mot antisemittisme. Vi er glade for at regjeringa i likheit med oss anerkjenner kor omfattande problematikken med diskrimineringa er. No må vi som samfunn ta tak i desse utfordringane. Det er derfor viktig å følgje med når tiltak i handlingsplanar skal iverksetjast og korleis arbeidet vert følgt opp.

Diskriminering går føre seg i arbeidslivet og elles i samfunnet. I følgje IMDis integreringsbarometer opplever 8 av 10 at innvandrarar opplever diskriminering når det er tilsettingar. Forskning viser til dømes at det er vanskelegare å få arbeid om du heiter Ali enn om du heiter Nora. Innvandrarar må ofte søke fleire jobbar for å få arbeid. Enkelte skifter og namn for å sleppe diskrimineringa.

SV-laga i Gudbrandsdalen støtter opp under alle initiativ som bygger eit likeverdig og inkluderande samfunn, går i mot stigmatisering og utanforskap. Vi vil tryggje eit fellesskap med mangfald. No må vi gjere ord til handling.

Vi oppfordrar derfor alle til å støtte aksjonen #sløyf rasisme og gå ut for å knyte ei sløyfe på ein synbar stad i nærmiljøet.

Kaia Bergslien Paulsen, lokallagsleiar Lillehammer SV
Anne-Brit Bismo, lokallagsleiar Sel SV
Jorid Skogen Vorkinn, lokallagsleiar Vågå SV
Niklas Aas Skovdahl, lokallagsleiar Øyer SV
Mai Bakken, fylkestingsrepresentant Innlandet SV