Gå til sidens hovedinnhold

Sluttar som redaktør og dagleg leiar i Vigga

Astrid Kvam Helset har sagt opp jobben som redaktør i lokalavisa som dekkjer Lesja og Dovre.

Astrid Kvam Helset starta som redaktør i Vigga for dryge fire år sidan, etter tidlegare ha vore journalist i avisa. Nå har ho sagt opp jobben, skriv Vigga sjølve.

Årsaka til at ho sluttar er at ho har takka ja til ein jobb i utviklingsselskapet Nordveggen, som held til i Rauma kommune.

– Ho har gjort ein svært god jobb i Vigga, og avisa har utvikla seg i positiv retning dei siste åra, både økonomisk og redaksjonelt. Astrid har vore ein arbeidsam og god redaktør, med stort engasjement for lokalsamfunnet, seier styreleiar Asta Brimi til Vigga.

Nå må Brimi ut på leiting etter ein ny redaktør og dagleg leiar til avisa.