Gå til sidens hovedinnhold

Smaragd på turismens altar

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I fjor gjekk alarmen. Den før så delikate Gjendeauren hadde vorte mager og tynn som ei utarma spikjisild. Ingen kunne med visse seia kva det skuldast, men ekstra varm sommar med stor bresmelting og tilslamming vart vurdert som årsak til dårlege beiteforhold.

Så sette vi vår lit til at den årlege klekkinga av fenomenet «Gjendeflugu», godt skildra i «Ut i naturen» på NRK1, skulle slå til og gje fisken etterlengta næring. Det slo ikkje til, for første gong i historia blir det sagt. At Gjendeflugu så vart borte for andre året på rad denne hausten fekk fiskarane til å måpe. Kva er det som skjer? Skuldast det klimaendringar, har utbygginga på osen med støyping av ny bryggje, eller eit kjempestort steinras med flodbølgje lengst vestover mot Gjendebu noko med dette å gjera, og kva har rutebåttrafikken å seia, er spørsmål som svevar i lufta.

Spenninga var stor før årets sesong. Jau, det såg litt betre ut, vatnet var klårare, lydde dei første rapportane. Men det var stort sett småfisk, og ein og annan mager større fisk å få, og det gav seg fort utslag i interessa. Fjellstyret reduserte maskevidda frå 40 til 35 millimeter og auka talet på smågarn frå to til fem pr. kort utpå haustparten, men det hjelpte så lite. Det har vore veldig få fiskebåtar å sjå på Gjende denne sommaren og hausten.

Ihuga fiskarar med lang røynsle har påstått at fisken på Gjende har tapt seg år for år i minst ti år, men at det skulle bli så ille som nå hadde dei neppe sett for seg.

I haust har det «kokt» med småfisk på Gjende, men den er ikkje lenger attraktiv, og det bør det gjerast noko drastisk med. Er det på tide å kaste not, eller bruke annan fiskereiskap som gjev resultat, og kanskje etablere eit fiskemottak på Bessheim eller Hindsæter, så produktivt som dette vatnet er. Vilt- og fiskestell er vanskelege greier, men det er ei kjent sak at det er langt verre å få orden på eit overbefolka vatn enn eitt med lite fisk i.

Bygdefolket er lei av alt blir tilrettelagt på turismens altar

Gjendeosen har gjennom hundreår hatt ry for seg til å vera av landets mest attraktive stongfiskeplassar, til tider kryr det, for jungeltelegrafen går fort når det går rykte om napp. I sommar har det vore heller roleg, og mange av dei mest trufaste har gjeve opp.

Vagværane eig Gjende, og hevdvunnen rett tilseier at det skal vera avsett båtplass og parkering til utøving av fiske. Dette er det i liten grad teke omsyn til. Fiskarane blir stemoderleg behandla. Varierande vasstand og dønningar frå rutebåtane gjer det lite eigna for båtliggje nedanfor bryggja. Fleire har som følgje av dette fått vatn i bensintanken og stort arbeid med å plukke sund og reinske båtmotoren. Rutebåteigaren føresåg korleis dette ville bli, og foreslo utlegging av lekter, men fekk visstnok ikkje gehør.

Prislappen for parkering er ikkje all verda, men skulle vera gratis, og slik det er nå må fiskarane lite på at det ikkje er fullt på korttidsparkeringa. Det er ofte fullt på Gjendeosen sommarstid. Med fiskebaler og oterkasser kan det bli lang bør til båten.

Kunne det vera ein tanke å flytte fiskebåthamn og parkering for fiskarar lenger austover til vika nedanfor fjellstyrehytta, med ein liten molo attåt?

Vi klandrar ikkje båteigar eller parkeringsvert, dei følgjer tildelt oppdrag (les: fylke og vegvesen).

Bygdefolket er lei av alt blir tilrettelagt på turismens altar. Hevd og gamle rettar er sett til sides. Den skandalause parkeringsplassen på Vargebakken, har heldigvis den nye ordføraren gripe fatt i for å få utbetra, og nå er det er på tide med eit skippertak for fisket på Gjende. Det kviler eit stort ansvar på fjellstyre og folkevalde nå, for det vil vera katastrofalt om dette går til grunne. Vi har ein arv vareta og vidareføre. Hugs: Gjende er den smaragdgrøne perla i Vågå og Jotunheimen. Det har i alle fall valdrisane og turistnæringa på andre sida av flya forlengt skjønt. Og så kan ikkje det som skulle bli eitt av tre nasjonale reiselivsikon bli ståande halvferdig. Det må fullførast, til glede for både bygdefolk og tilreisande.

Ketil Sandviken, Vågå