Tungt ligg snøen på marka og gøymer på krystallar små.
Sola vaknar og leitar, finn smykke i alt dette grå
Er det ei dronnings tiara som strålar, dyrkjøpt og stor?
Den funklar og glitrar og glimar i alt det vakres mor.
Sola løyser ei tåre, ho funklar av kjærleik heilt opp.
Skuggen og kulden klemmer og føder ein krystalltopp.
Eit ufatteleg mønster veks fram, Gud med si skaparhand
har forma eit under av skattar i dette vårt eventyrland.
Perler og diamantar lyser og gjev lykke stor og nå.
Men solauget smeltar smykka. Dei skjelv- så fell dei ifrå.

Snøfonna gøymer eit smykke: Ein isdiamant ligg klar.
Kjærleikståra, eller perla, knapt høgare ljosstyrke har.
Diamanten funklar mot him'len, han fangar sola som stig.
Solstråla femner isen og tårer er atter i sig:
For ei lykke og glede å elske det høgaste livet har.
Når diamanten strålar i undring brest tåra når vakrast ho var.

Gudmund Teigen, Vinstra