POPULÆRT: 30.000 personar kjem innom Galdhøpiggen sommarskisenter. – Det er spesielt mange treningsgrupper som kjem og står på ski her. Vi har bygd stein på stein sidan 1985 og nå er dette eit topp moderne skisenter, seier eigar Per Vole. 



Foto: Ketil Sandviken

POPULÆRT: 30.000 personar kjem innom Galdhøpiggen sommarskisenter. – Det er spesielt mange treningsgrupper som kjem og står på ski her. Vi har bygd stein på stein sidan 1985 og nå er dette eit topp moderne skisenter, seier eigar Per Vole. Foto: Ketil Sandviken

Her står dei på ski heile sommaren

30.000 ivrige skikøyrarar er innom Galdhøpiggen sommarskisenter kvar sommar.
Publisert
DEL
30.000 ivrige skikøyrarar er innom Galdhøpiggen sommarskisenter kvar sommar.

– Vi har Norges lengste breskitrekk på 1.400 meter. Eg har drive med dette i 30 år, og det er dette eg kan. Kvart år har vi skituristar frå alle verdas land. Dei kjem frå Sverige, Danmark, Frankrike, USA, Slovenia, og så vidare. Det er mest treningsgrupper vi har, seier Per Vole, dagleg leiar og eigar.

Han tok over skisenteret i 1985. Sidan har Vole bygd stein på stein og utvikla sommarskisenteret slik det står i dag.

– I dag er vi eit topp moderne ski-anlegg med alle fasilitetar. Vi har ein stor kafeteria med 210 sitteplassar og eg har investert mykje her. Det varierer kor mykje folk som er innom kvar sommar, men snøkvaliteten er blant dei beste i verda. Grunnen er at skisenteret ligg ved foten av Nord-Europas høgste fjell, Galdhøpiggen. Toppen av skisenteret ligg på 2.200 meter over havet, seier Vole.

– Ein god tradisjon

Sesongen varer frå 14. mai og ut oktober.

Ein av dei mange trufaste gjestane er skielevane frå Oppdal skigymnas. I 22 år har alpingruppa teke med seg elevar til Juvasshytta og sommarskisenteret.

ISTUNNEL: I Klimapark 2469, ikkje langt unna skisenteret, ligg det ein 60 meter lang istunnel som er ljossett.

ISTUNNEL: I Klimapark 2469, ikkje langt unna skisenteret, ligg det ein 60 meter lang istunnel som er ljossett. Foto:

– Dette har vorte ein god tradisjon, men vi kjem hit år etter år på grunn av forholda. Lom ligg to timar køyring frå Oppdal, og det er alltid godt føre her. I tillegg blir heisen starta grytidleg om morgonen, slik at vi får det beste føret frå morgonen av, seier Hallgeir Vognild.

Han er hovudtrenar for alpint på Oppdal skigymnas. Kvart år tek gymnaset med seg ei treningsgruppe på 10–30 elevar.

– Vi bruker å få 20 skidøgn fram til sankthans, og ti dagar i september. Her opplever vi god sørvis, og vi har eit stort behov for å stå på ski. Det er ikkje så mange som har sommaropent, men Galdhøpiggen sommarskisenter har det, seier Vognild.

Galdhøpiggen sommarskisenter og Klimapark 2469

Galdhøpiggen sommarskisenter ligg ved foten av Galdhøpiggen.

Klimapark 2469 har ein istunnel som går 60 meter inn i 6.000 år gammal is.

Per Vole set stor pris på dei mange som kjem til sommarskisenteret, og at det er så mange som vel å kome tilbake.

– Snøkanonane produserer snø så sant det er mogleg. I vinter køyrde vi inn snø frå sidene og det er bygd snøfangarar med trakkemaskinene. Vi har også lagt opp store haugar med snø for lager framover sommaren. I årets sesong har vi vald å opne for trening og skikøyring tidlegare om morgonen når forholda tillèt dette, seier Vole.

Klimapark 2469

Det er ikkje berre skikøyring som gjeld på Juvasshytta. Rett ved sidan av ligg den unike istunnelen i Klimapark 2469. Istunnelen går 60 meter inn i isen, som er over 6.000 år gammal.

– Vi merkar at dei som kjem til klimaparken blir utruleg imponert, og vi veit at dette er eit unikt produkt. Det er ikkje berre istunnelen som er unik. På veg til istunnelen prøver vi å kombinere forsking, fauna og samspelet mellom natur og menneske, seier Mai Bakken, dagleg leiar av Klimapark 2469.

Kvar dag gjennom sommaren er det to daglege guida turar inn til istunnelen. Seks guidar står klare for å fortelje dei tilreisande om den unike historia i området.

– Vi merker at stadig fleire oppdagar klimaparken og Oppland. Nå har til og med kinesarane starta å kome hit. Når turistane får høyre om området, bestemmer mange seg på impuls for å reise opp hit, seier Bakken.

Kveldsturar inn i isen

Nytt av året er at dei tilbyr kveldsturar inn i isen.

– Vi har ein kort sesong frå 25. juni til 21. august. Etter at vi opna, merkar vi at det kjem folk frå alle aldersklassar. Utanom sesongen er det nesten dagleg skuleklassar på besøk. Eg merker at behovet for familiar å både oppdage og lære noko aukar, seier Bakken.

Klimaparken ligg på Juvflye og istunnelen ligg inne i Juvfonne. Tunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad. Det er funne ei rekkje gjenstandar ettersom breen har smelta. Desse blir sendt ned til Norsk fjellsenter i Lom.

Norsk fjellsenter fekk nybygg til ti millionar kroner i juni i år. Der er eit av dei største trekkplastera ein sko som er over 3.400 år.

Det er duka for mange opplevingar både på ski og til fots ved foten av Galdhøpiggen i år.

Les alt fra GDs sommermagasin her.

Artikkeltags