Gå til sidens hovedinnhold

Søppelfjernsyn

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Standarden for kva ein får servert rett i fanget gjennom fjernsynsapparatet vert lågare og lågare for kvart år som forsvinn. Det er særleg dei reklamefinansierte media – med TV2 og TV3 i høgsetet – som nærast kappast om å servera oss mest søppel. Så fort ein trur at no kan det ikkje bli mindre vit; no må botnen vera nådd, så kjem det neste uintelligente programmet på.

I dag gjekk Sofa på TV2, og eg skrudde sjølvsagt av lenge før det var slutt. At TV2 har klart å sanka saman ei handfull c-kjendisar med varierande grad av tilknyting til arbeidslivet, gjev ikkje grunn til undring. Ikkje alle veit sitt eige beste, og mange trur nok dei er interessante for folk flest. Andre vil berre på fjernsynet, uansett korleis! At det går an! Det som vekkjer noko undring hjå meg i så måte er at ikkje dei ansvarlege bakmenn- og kvinner ser kor lite intelligent og lite opplysande slike program er; dei er ikkje eingong underhaldande.

Dette kappløpet om å produsera og kringkasta mest mogleg imbesil «verkelegheits-fjernsyn» må snart ta slutt! Noreg treng ikkje ta til seg alt som kjem frå USA!

Heldigvis er det valår, noko som betyr at både «Sofa», «Paradise Hotel» og «Ex on the Beach» kjem til å bli overdøyvd av valsendingar på seinsumaren og i haust! Eg gler meg!

Inge Flatmoen, Sør-Fron