Gå til sidens hovedinnhold

Sør-Fron: Vidareførar alle korona-tiltak fram til 11. januar

Unntaket er skular og barnehagar, som startar opp som planlagt.

Det er kriseleiinga i kommunen som har bestemt dette søndag.

Skular og barnehagar startar opp som planlagt 05. januar.

Det er gjennomført mange nye testar gjennom nyttårshelga. Sør-Fron kommune har det høgaste smittetalet i Innlandet fylke ut frå talet på innbyggarar, og er nummer 14 nasjonalt. Derfor blir tiltaka vidareført til og med 11. januar.

– Vi har hatt som mål heile tida at vi ikkje skal ha ein ny runde. Derfor vel vi å halde fast på dei råda som er gitt og tiltaka som er innført eit stykke inn i januar, seier ordførar Ole Tvete Muriteigen, som understrekar at dette blir gjort på grunn av den situasjonen som har vore og som framleis pågår.

– Dette er ein heilt spesiell situasjon i ein liten kommune som vår. Derfor må vi gjere dette nå, seier Muriteigen.

Kriseleiinga i Sør-Fron oppmodar også folk innstendig om å teste seg nå når dei skal attende i arbeid og på skule.

Skular og barnehagar i kommunen startar opp att på skjerpa gult nivå, etter nyttår.

Servicekontoret vil vera bemanna og kommunehuset opnar for publikum. Biblioteket held ope på sine ordinære opningstider.

Desse lokale tiltaka gjeld til og med 11. januar:

* Sørheim omsorgssenter er ope for begrensa besøk. Det tas atterhald om at Sørheim kan bli stengt for besøk att dersom det lokale smittebiletet blir endra.

* Alle arrangement er avlyst og kommuneoverlegen ber innbyggarane om ikkje å delta på arrangement utanfor kommunen. Unntaket er arrangement i kyrkja – dei følgjer retningsliner frå bispedømmet.

* Ikkje møt opp på legekontoret utan avtale.

* Helsestasjon for ungdom er stengt.

* Alle fritidsaktivitetar blir innstilt. Dette gjeld trening/idrett, ungdomsklubb, kulturskule o.l.

* Det blir oppfordra til å ha heimekontor der det er mogleg.

* Alle møte bør framleis skje digitalt så langt det let seg gjera.

* Fron Badeland er stengt for offentleg svømming, men opnar att for skulesvømming i veke 1.