23:03: Arbeiderpartiet har fått 9 av 19 mandat i kommunestyret. Senterpartiet har fått 8 mandat, men Bygdalista som støtter Senterpartiet sin sittende ordførerkandidat har fått to mandat. Det betyr at Muriteigen har fleirtal for å fortsette som ordførar.
- At eg fortsett som ordførar forutsett at Bygdalista støtter meg ved ordførarvalet. Det har dei sagt dei vil gjere, seier Ole Tvete Muriteigen.
Sør-Fron Høgre, slik det ser ut nå, får ingen representant i Sør-Fron kommunestyre.
- Eg tykkjer det er synd at Høgre ikkje får nokon representant. Eg vil ellers gratulere Arbeiderpartiet med eit meget godt val og dei har jo fått 47 prosent av stemmene, seier Muriteigen.
Bygdalista, ved Erik Stenumgaard, stadfester overfor GD mandag kveld at dei støtter Ole Tvete Muriteigen som ordførar.
- Nå skal vi forhandle om posisjonar. Sjølv går vi ned frå førre val, og det trur eg utelukkande kjem på grunn av at vi gjekk ut og sa vi støttar Sp, seier Stenumgaard.
Dei uoffisielle tala før finrekninga startar er som følgjer:
AP: 706 stemmer (47,3 %) 9 mandat
Sp: 567 stemmer (37, 9%) 8 mandat
Bl: 174 stemmer (11, 6 %) 2 mandat
H: 46 stemmer (3 %) 0 mandat
22:19: Det var 241 som førehandsstemte. Stemmefordeliinga er slik:
Arbeiderpartiet: 127 (52, 7 %)
Senterpartiet: 86 (35, 7)
Bygdalista: 15 (6,2 %)
Høgre: 13 (5,4 %)
Da førehandsstemmene var telt opp i Sør-Fron er den fyrste kvinnelege ordføraren i kommunen eit faktum.
– Akkurat nå står stemminga i taket! Det er veldig godt å få ei slik måling, men vi er realistiske. Førehandsstemmene er berre ein indikasjon, men eg er veldig klar for å bli ordførar. Vi opnar for samarbeid med alle partia, seier Hilde Holtesmo (Ap).
LES OGSÅ: Bygdalista i Sør-Fron støtter Senterparti-ordfører
Da førehandsstemmene var telt opp litt over ni måndag kveld hadde Holtesmo fleirtal blant veljarane i Sør-Fron kommune med 54,3 prosent av stemmene. Bygdalista gjekk kraftig tilbake og fekk 6,3 prosent av stemmene, mens Senterpartiet fekk 34, 4 prosent. Sør-Fron Høgre fekk 5 prosent av førehandsstemmene.
LES OGSÅ: Sør-Fron på vippen
Det var ei spanande og nervøs stemning på valvaka til partia i Sør-Fron kommune måndag kveld. Spenninga stod om Arbeiderpartiet kunne ta tilbake makta etter fire åre med politisk samarbeid mellom Senterparti og Bygdalista.
I 2011 vart det maktskifte i Sør-Fron kommune da Arbeiderpartiet mista ordførarkjeda etter 12 år. Inn kom Bygdalista, med Erik Stenumgaard, som vart samde med Senterparti og deira ordførarkandidat Ole Tvete Muriteigen. I 2011 hamna Sør-Fron Høgre i ein vippeposisjon med sitt eine mandat. Det vart avgjerande for at Muriteigen hamna i ordførarstolen.
Før årets val gjekk toppkandidat for Sør-Fron Høgre, Jon Forr Toverud, ut med støtte til Ap. Andre- og tredjekandidat til same parti, Cita Jensen og Trygve Grov, støtter Senterpartiet.