- Det er gjeve skadefellingsløyve på ein bjørn i kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommunar. Løyvet gjeld for aust for Lågen og varer til og med 18. juli. Bakgrunnen er at Statens naturoppsyn har dokumentert at eitt kadaver har vorte teke av bjørn. SNO rekner med å dokumentere fleire i løpet av kort tid. Det er snakk om fire søyer og eitt lam, seier Erik Sandberg, rådgjevar ved miljøvernavdelingen i Fylkesmannen i Oppland.
Funna er gjort i Frydalen.
LES OGSÅ: - Her gikk bjørnen
LES OGSÅ: Færre sau tatt av rovdyr i år
LES OGSÅ: To ulvar sett på grensa til Ringebu
- Ein bjørn kan gå fleire mil på eit døgn
- Dette området har tradisjon for at det kjem bjørn som trekk nord og sør. Det er vanskeleg å seie om dette er den same bjørnen som var i området i juni. Ein bjørn kan gå fleire mil på eit døgn, seier Sandberg.
Torsdag vart det sett to ulvar i Stor Elvdal-kommune. Desse ulvane vart sett i beiteområdet på Storfjellet, rett ved grensa til Ringebu kommune. Det er ikkje gjeve noko skadefellingsløyve på desse sidan det ikkje er sikkert at det var ulv som vart observert, men her vurderer Fylkesmannen situasjonen fortløpande.